
Inst i Konedalen. Ser tilbake mot Slogen og Smørskredtinden.

Inst i Konedalen. Ser tilbake mot Slogen og Smørskredtinden.

Morgontur mellom regnbyene. Fekk ei lang stund med opplett og ein del sol. Sørsøraust laber bris og god temperatur oppe på kanten her. Utsyn mot Sunnmørsalpane.

Myrflekk med storr i grønt og myrullplantar der det grøne har fått raudbrun farge.

11. august. Tur i skya vêr med solgløttar som her. Svak vind frå nord eller vest oppå fjellet og vindstilt lågare nede. Utsyn nordover mot Svartløkvatnet.

Kveldstur 7. august med sol innimellom og skyer som gøymde dei høgare fjella. Snart komen bort på toppen av Giskemonibba. Der bles det lett bris frå vest.

Midttuvdalen med Fladalsvatnet nedanfor og Langnestinden bortafor dette. Råna i bakgrunnen til høgre, og toppen på Synnavindsnipa stikk sovidt opp til venstre.

På overgangen mellom Ytrestandaldalen og Fladalen.

Søre Snarhornet til høgre, Langnestinden litt lengre borte og til venstre. I bakgrunnen ligg Blåbretindane til venstre for Langnestinden og til høgre for den ligg Råna, Midtre Regndalstinden, Urkedalstinden, Elsandtinden, Smørskredtindane, Slogen og Skruven. Sylvkallen/Storhornet stikk sovidt opp bakom Søre Snarhornet.