
Mot nord.

Oppe på toppen 24. juli. Rolige vindtilhøve og berre svake vindar opp solsida av fjellet. God temperatur. Litt disig no på tredje finvêrsdagen. Utsyn mot nordvest.

Nesten komen opp på Lissje Klauva. Ser mot Kyrkjetaket med Kjøvskartinden bakafor.

Ser mot Store Klauva. Lissje Klauva heilt oppe til høgre i bildet.

Vestleg utsyn. Kan sjå fjell på åtte mils avstand i denne retninga. Fossholtinden, litt av Hareidlandet? og Godøya ligg så langt borte. Rundt Godøya låg det lave skoddeskyer denne dagen, og kvelden etter hadde desse trekt litt innetter fjorden. Men i motsetnad til kva som er vanleg for skodda att allereie same kvelden. Av utsynet i dette bildet ligg Smørbottstinden nærast, og Gråsidefjellet rett bakom. Nedanfor og bakafor desse fjella ligg Innfjorddalen. På høgre sida av denne ligg Skjervan, Middagstinden og Nonstinden rekna frå høgre bildekant. Av desse er det berre Nonstinden som sovidt når opp i himmelsjå. Bakom og til venstre for Nonstinden stikk Lauparen opp som ei karakteristisk såte. Lengre til høgre ligg Storbua og Sandfjellet med mykje snø under. Frå denne kanten er det bresidene på fjella som viser, og langt borte mot horisonten ligg Råna med Regndalsbreen, Blåbretindane og Ramoen litt til venstre for midten av bildet.

Mot sør. Høgstolen ligg litt til høgre i bildet. Hesten heilt til høgre og ikkje i himmelsjå.

Utsyn søraustover. Det næraste fjellet er Alnestinden med det snødekte platået. Heilt til høgre mot bildekanten ligg Puttegga lengst bak mot himmelsjå, og Karitinden rett til venstre for denne. Litt til venstre for midten av bildet er utsynet ekstra vidt rett gjennom dalføret på Lesja. Med kikkert ser ein langt borte eit kupert fjellparti som truleg er Rondane på tretten mils avstand.

Utsyn mot nordaust og aust. Nede i bildet ligg Bispevatnet, og bakafor dette stikk Bispen opp. Høgare opp i bildet og til venstre ligg Trolltindane, med Store Trolltinden stikkande opp i himmelsjå. Bakafor desse stikk Vengetindane opp bakom Trollryggen. Midt i bildet stikk Kalskråtinden og Breitinden (nærast) lengst opp. Noko til venstre for desse og til høgre for Vengetindane ligg Kvanndalstinden lengre borte. Til høgre i bildet ser ein fjella nord for Lesja i bakgrunnen, og med kikkert finn ein Snøhetta på åtte og ei halv mils avstand i denne retninga.

Utsyn mot nordaust. Ser bort på Isterdalstindane med Isterdalen bakafor. Bispen til høgre opp for Bispevatnet, og Kongen og Dronninga lengre til venstre. Bakom Kongen ligg fjella nord for Grøvdalen på fleire mils avstand, med Klauva rett bakom Kongen, og Kyrkjetaket og Kjøvskartinden til høgre. Lengre til høgre og nærare stikk Trolltindane og Vengetindane høgast opp.

23. juli. Komen opp på toppen. Rolige vindtilhøve med flau eller svak vind. Litegrann dis no andre finvêrsdagen. Ser utover mot nord.