Nedafor Åsrørene

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sørvest bris i terrenget, laus og ujamn snø og ikkje godt utafor løype. Lett å trakke nytt spor der det var løype frå før.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Midt på vinteren

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Trea har fått eit nytt snøfall på seg i rolege vindtilhøve.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Etter solnedgangen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen opp på høgda ved Heivatna. Bris frå søraust gjer det litt kjølig. Ei stor opning i skydekket i sørvest gir godt lys til nedattrennet. Fokksnø her oppe gjer at skiføret er vanskelegare enn lågare nede, men alt i alt ein fin kveldstur med gode skitilhøve. Memorgoshornet til venstre. Skurfjellet ligg nær til høgre, utan å kome opp i himmelsjå.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ned frå Åsrørene

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser mot Kvitnykja, med m.a. Lauparen lengre mot høgre. Nordaust bris oppe på Åsrørene, men allereie her nede i skråninga er det lunare.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Åsrørene

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sola byrjar å skine skarpare. Laus snø og fint skiføre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kuling på Skurfjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppe på Skurfjellet. Sør liten kuling og rennefok. Her oppe var det laussnø oppå skaren, og litt avblese ute mot kanten. Ser vestover. Gjorde opphaldet kort her.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Skurfjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser bortover mot fjella med sol på. Høgsvora litt til høgre, og Geitnibba til venstre for denne. Sætra i nærleiken er Grytalisætra. Traff godt med skiføre og smurning på dette strekket.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Portal

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Høg og slank bjørk som har vorte bøygd av snøfalla i det siste. Skiføret her var ikkje heilt godt på nedturen, med skare som ga etter og ga lite styring.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På nyåret

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nedafor Grytaliskiftet. Ser vestover. Gode løyper og godt skiføre. Spreidde snøbyer i dag. Torevêret frå morgonen har for lengst gitt seg.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Romjulstur

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rundtur på godt skiføre. Komen inn på Kjersemfjellet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget