Strålande dag

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Klart, mildt og flau vind. Snøen hard. Vest om Sollisætra. Ser bort i Grønnykjen til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kuling på Vestrefjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bra skitur på skaren på kryss og tvers oppover. Men her oppe er vinden om lag sterk kuling frå sør-søraust. Berre å renne nedover til litt lunare lende.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nysnø og tur til Skaret

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter ein tur til Barstadskaret, der det bles sør laber bris og låg ein god del nysnø. Dette er langt på nedattvegen. Ser ut mot Melshornet på Hareid, med sol på. Til venstre Årskogfjellet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Enda ein tur oppå Skaret

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Stoppar på Hesteryggen. Her er det mindre vind enn oppe på Barstadskaret, der det bles kuling frå sør. Ser Trongegga til høgre og Årskogfjellet i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tur til Skaret

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser mot Middagshornet, Hallehornet og Romedalstinden. På ettermiddagen er det eit stykke til å gå for å få solskin, men oppe på Barstadskaret var det sol ei stund til etter dette, og fint med berre flau vind frå søraust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nordvestvêr

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Perioder med kuling, og kortvarige haglbyer. Men som turvêr er dette bra nok i låglandet. Vinden i ryggen på vegen oppover til dals, turr og nesten frosen veg, og glimt av blå himmel. Ser mot eit av fleire fjell som vert kalla Middagshornet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skitur i laussnø

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Endeleg oppe på Barstadskaret. Til sæters var det snøscooterløype og lett å gå, vidare var det tungt med over tretti cm laus snø på skaren. Her oppe er det lett bris frå sør. Ser mot Romedalstinden, Kolåstinden og Høgehornet. Turen ned att vart fin.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fremst i Romedalen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser opp i Middagshornet. Skaresnø med eit tynt og ujamnt fordelt lag pulversnø oppå. Kaldt og delvis skya, bris frå nord utsette stader nede i dalen, nordaustleg drag i skyene.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vinterkveld

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fine skiløyper søndag ettermiddag.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Innpå Kjersemfjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bris frå sør, og innimellom er det rennefok. Skiføret lengre nede var godt i sporet frå ein snøskuter, men her fyk sporet att. Ser mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget