Kortaste dagen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På ski nedafor Grytalisætra. Gode løyper og ein svak søraustleg vind her opp mot sætra. Vêret tjuknar til og nytt snøvêr nærmar seg. Ser mot Bolleberget.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snøen har lagt seg i høgda

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lett snøvêr og rolege vindtilhøve. Tungt å gå oppover i nysnøen. Her og der fastare snødriver av eldre snø under nysnøen. Men nesten fritt for is i terrenget, og der denne fanst var det lite glatt, og dermed trygt å gå.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestresætra

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Utsyn vestover.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestrefjellet frå vestsida

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit godt stykke oppafor Vestresætra. Heilt oppe var der litt meir snø på marka, og ein lett bris frå sørvest. Til dels glatt i terrenget, og mest litt nedafor denne staden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellom regnbyene

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På Hallvardfjellet. Sør-sørvest bris og langt mellom regnbyene etter kvart.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grøthornet i Barstaddalen II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen oppå. Ser borti Masdalkloven med skimt av Sula og Godøya i skaret. Sørleg frisk bris på toppen. I motsett retning tiltjukning til regn som kom ein time seinare.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grøthornet i Barstaddalen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lissjedalen med Grøthornet til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Novemberkveld på Geitnibba

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sola har gått ned, men fint vêr gjer at turen ned sørvestsida gjekk fint etter dette. Vindstilt på toppen og glatt her og der, men for det meste turt i marka. Nede i Kvanndalen bles ei svak skjelle.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Novembertur II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppe på Kvitnykja. Ser nordover mot Tresfjorden og Romsdalsfjorden. Enkelte vindkast, men i middel svak vind frå søraust og mild luft for årstida. Turt i terrenget. Snøflekkane er harde og glatte.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Novembertur

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eirsdalsreset med Lauparlægda t.h., Lauparen og Brudefølgjet bakom.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget