Author Archives: fjellutsikter

Regn- og haglbyer

+4 grader, opplett mellom spreidde regnbyer, skya, haugskyer og byeskyer drivande vestfrå, skodde over 900 m.o.h. Lett bris. Barometerstanden stabil. I dag har det vore +6 på det meste. Og ned til +2 1/2, men her kan regnet ha påverka … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vind og regn

+ 6 grader, har vore ned i +5. Mørkt, vått, regnvêr og bris. Minkande lufttrykk.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjøligare

+7 grader, skya eller overskya, spreidde regnbyer. Frå før kl. 7 fram til etter kl. 11 regna det 28 mm. Så letta det med skya vêr og litt sol. Seinare spreidde byer og 1 mm regn. Det har vore opp … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Striregn

+9 1/2 grad. Overskya, vest-sørvestleg, skodde over 500-600 m.o.h. Lett til laber bris. I dag striregnar det. Det kom 1 mm regn til i går morgon, og 5 mm til denne morgonen før kl. 7. På litt over tre timar … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Svaler

Såg låvesvaler i dag. Minst seks fuglar. Dei flaug omkring over eit område på nokre hundre meter i tverrmål. Ser ut som dei held seg til meir bebygde strok no. I går såg eg ikkje svaler. Tidleg i veka såg … Les meir

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Vått

+12 1/2 grad, regn og yr, til tider skoddeskyer langt ned. Fjell av og til synlege, men ikkje dei høge. Sørvest lett bris.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Våte dagar

I dag har det vore nesten opp til +16 grader. +15 no i ettermiddag. Opplett sidan i natt. Sidan søndag morgon har det regna 58 mm. Vått i går, vått på onsdag og vått på tysdag. No er det skya, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om regnvêr i september III

Har sett på statistikkane for septembervêret på Sunnmøre gjennom meir enn femti år. September brukar vere ein våt månad, og også i slutten av september har det vore store døgnnedbørmengder sume år. Her er sju situasjonar som skil seg ut … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Spreidde regnbyer

+10 grader, som også er det lågaste temperaturen har vore i natt. Barometeret går litt ned. Har kome litt mindre enn 1 mm regn i natt. Delvis skya, fem åttedels (okta) skydekke. Haugskyer som ligg meir utover enn dei tårnar … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Strålande dag

+11 1/2 grad. Minkande lufttrykk. Svak vind. Lettskya. Haugskyer og bukleskyer drivande frå sør. Dekker to åttedeler av himmelen. Mest i sørvest. Ser ut til å tjukne til. Men tiltjukning med berre låge skyer brukar ikkje å gi verste vêret. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget