Author Archives: fjellutsikter

Delvis skya

+9 grader, ned til +8 1/2 i natt. Delvis skya, tre åttedels skydekke, rukleskyer drivande frå vest, nokre også med utstrekte linseformer. Lufttrykket er sakte minkande. Svak vind. Turt i graset.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Opp til +17 i dag. +15 grader no i kveld. 1 mm regn i måleglaset om morgonen. Dvs. truleg 5 mm på eit døgn. Om morgonen var det overskya, bukleskyer drivande frå vest under lagskyer. Skodde berre på ein fjelltopp. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Grått

Spreidt regn i dag. Moderat intensitet. Overskya heile tida. I kveld opplett. Temperatur ned mot +7 om morgonen, opp til såvidt over +10 i dag. Rolege vindtilhøve med flau eller svak vind. Lite skodde i fjella om morgonen og kvelden. Midt … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått

+9 i kveld. 13 mm regn på eit halvt døgn. Framleis regnbyer. Barometeret gjekk ned om morgonen. Sidan har det endra seg lite.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regn og regnbyer

+10 1/2 grad. Skya, regnbyer, haugskyer og byeskyer. Vestleg drag i skyene. Skodde over om lag 600 m.o.h. Laber bris frå vest. Om morgonen var det +8, som også var minimumstemperaturen. Då hadde det kome 7 mm regn i måleglaset. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglar midt i september

Svalene har vorte færre no. Ser litt her og der. Den største samlinga i dag var på fire fuglar. Verkar også som erlene har vorte færre. Men enno er dei mange. Heipiplerkene har kome ned frå fjella og held seg … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+12 grader. Opp til +17 i dag. Lufttrykket går ned. Sørvest svak vind. Skya, bukleskyer som dreg frå sørvest og ligg over fjelltoppane. Berre små opningar i skydekket. Morgonen starta klar, på føremiddagen litt fjørskyer. Midt på dag delvis skya … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

Ei flystripe, elles klart. +6 grader, ned til +5 1/2. Stilt. Minkande lufttrykk.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskinsdag

+10 grader, opp til +17 1/2. Stabilt lufttrykk, svak vind, klart. Før i dag har det vore lettskya med litt fjørskyer. Desse flytta lite på seg. Sidan heilt klart. Rein luft. Sola har skine i mange timar samanhengande. På det meste … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

+6 grader, ned til +5 1/2. Stabilt lufttrykk. Nokre skoddedottar i vest, kring 300 m.o.h. Elles klart. Lett bris frå aust eller nordaust.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget