Author Archives: fjellutsikter

Klar kveld

+4 1/2 grad, overskya, lagskyer, svak vind, opplett, minkande lufttrykk sidan i går ettermiddag. Har vore ned til +0 1/2 i natt. I går var det regnbyer i stilt vêr, solgløttar frå midt på dag, siste regnbya tidleg ettermiddag. 4 mm … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snø og regn

+0 1/2 grad. Dette er også minimumstemperaturen i natt. For ein halv time sidan snøa det. No regnar det. Det ligg våt snø og tynger graset. Kan sette snødjupna til 2 cm. Asfalten er snøberr og våt. Tippar snødekket ligg … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjølig og regnbyer

+4 1/2 grad, skya med drag frå vest-nordvest, ein solgløtt, fjella gøymde over 800 m.o.h. Skoddedottar ned til 300 m.o.h. Svak vind. Har vore regnbyer i dag, og regna gjorde det også sist natt. 16 mm siste 23 timar. Det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trekkfuglar

Sett ei låvesvale og to eller tre linerler i dag. Kanskje dei siste av desse artane i år? Såg også ein stareflokk. Desse klarer seg godt framover og kan vere her lenge enno.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ein halv dag opplett og regn att

+2 grader og regn om morgonen. Sidan skya og litt sol. Flau vind eller stilt.Opp til nesten +9 i dag. Opplett til tidleg ettermiddag. Så litt lett regn og opplett att. Frå ut på ettermiddagen jamnt regn. No +4 1/2 … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kvite fjell

+5 grader, for det meste opplett, spreidde byer. Skya, stilt. Lufttrykket har stige, men ser ut til å flate ut. Har vore nesten opp i +7 grader i dag. 4 mm regn etter kl. 14. 13 mm sidan kl. 7. På to … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Langvarige byer

+6 grader, flau vind, skya eller overskya. Skodde over 600 m.o.h. Skoddedottar ned til 200 m.o.h. Skyene dreg frå vest-nordvest. Farta i skyene har minka, og dermed vert det få byer som brukar lang tid på å passere. Frå kl. 7 … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byer og kjølig

+ 4 grader, regnbyer, overskya eller skya, svak vind. 13 mm regn frå seint i går til kl. 10. Skoddeskyer over 300-600 m.o.h.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Framleis byer

Ei regnbye akkurat no, og +2 1/2 grad. Då snøar det langt ned. Sidan i går kveld har det regna 30 mm. Vinden ser ut til å ha minka.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Siste svalene?

Såg tre låvesvaler i dag. Andre slags trekkfuglar kan vere her lenge enno, men svalene passar ikkje til dette vêret.

Posta under Fugler | Kommenter innlegget