Author Archives: fjellutsikter

Snø

+1 1/2 grad. Opp til +5 1/2 i dag. No er det overskya, opplett, stilt. Barometerstanden har flata ut. I går kveld snøa det. Låg 4-5 cm snø i dag. Ei snøbye til om morgonen. Nede ved sjøen var det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt sol

+1 1/2 grad, opp til +7 i dag. 27 mm regn på eit og eit halvt døgn. Mykje av det kom i regnbyene i går. Seint i går regn-og haglbyer. Dagen i dag var lenge fin med skya vêr og litt sol … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byevêr

+3 grader, skya eller overskya. Vestavêr og byer i dag. For det meste regn i byene, hagl i siste bya. Stigande lufttrykk.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trekkfuglar

Mykje trast og stare på markane i dag. Trastane er av det små slaget. Mesteparten truleg raudvengetrast. Elles ein del heipiplerker og bokfinkar. Såg ei låvesvale i går, og ein flokk på minst fem av same slaget i dag. Ikkje … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn av og til

+6 1/2 grad, stigande lufttrykk, sørvest lett eller laber bris, overskya, vest-sørvestleg drag i skyene, regn av og til, skodde over 700-800 m.o.h. 3 mm regn sidan i går kveld.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare

+6 grader, opplett, delvis skya, sørvestleg drag i skyene, lett bris. 6 mm regn sidan i går ettermiddag. Noko kom som byer i tidleg på kvelden i går, og noko har kome i ettermiddag. Lufttrykket er minkande. Seint i går … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trast og andre fuglar

Her har kome mykje trast siste dagane. Truleg slikt som har kome nordfrå det meste. Ser dei flyge omkring i små flokkar, site på markane eller i busker og tre der dei finn bær. Dei fleste er truleg raudvengetrast. Nokre … Les meir

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Kjølige regnbyer

+4 1/2 grad, sørvest lett bris eller svak vind, skya, korte solgløttar og spreidde regnbyer, haugskyer og byeskyer på himmelen, drivande frå sørvest eller vest. 26 mm regn sidan i går ettermiddag. Det meste kom i går kveld og i … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Siste erla?

Høyrde ei linerle i går. Vart vel den siste i år. I fjor såg eg ei linerle ein gong i oktober.

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Regn

Regnar jamnt i dag. 6 mm sidan i går. +4 1/2 grad. Stigande lufttrykk. Lett til laber bris frå sørvest. Overskya, skodde over 400-500 m.o.h. Tungt skydekke. I går litt regn, lenge opplett.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget