
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
11. november 2018: Ser mot Tresfjorden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
11. november 2018: Ser mot Tresfjorden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Har gått opp ryggen frå Kjersemsetra. Laber sørleg bris og mange varmegrader.

Ser ned på Storfjorden innafor Dyrkorn.

4. november 2018: Mildvêret har tæra på snøen i fjella. Komen opp her var det + 9 grader og laber bris frå sør, som etter kvart auka til liten kuling.

Blåbærlyngen gir grønfarge til novemberskogen.

Vinden har lagt ned skog på denne ryggen i terrenget.

Komen nedover mot dalbotnen. Her på myra var det åtte kuldegrader før sola kom til, men vindstilt, og no med solskin var det godt å vere ute. Ser mot vest, med Storfjellet litt til venstre.

Ser oppover mot Sætrefjellet, og med Høgsvora og Steingardstinden sovidt stikkande opp i bakgrunnen litt til venstre i bildet.

Ei einsleg lita furu i det opne terrenget. Ein fin stad for ein pause. Målte seks minusgrader i skuggen like ved, men med solskin og stort sett stilt var det likevel komfortabelt å vere her.

28. oktober 2018: Ved 600 m.o.h. ved Sollisætra. Her er det 20 – 30 cm snø omkring, og snøen er isete og tung og trakke i, med litt pulversnø øvst. Ser Grytavasstinden i bildehjørnet.