Til Sætrefjellet II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

25. november 2018: Komen opp på Sætrefjellet. Termometeret viste ni kuldegrader, men med vindstilt og solskin var det godt å site her. Høgsvora til høgre, Geitnibba midt i bildet, og langt borte ligg Brustinden og Ytstetinden.

Det var nokså komfortabelt å site her oppe godt kledd, når ein ser på at minus ni grader er ganske kaldt. Ni kuldegrader er førtiseks grader under kroppstemperatur. Utrekning syner at lufttrykket har vore om lag 91 % av trykket ved havnivå. Mindre luft gir mindre varmetap ved leiing og strøyming. Reknestykket vert: (- 46) x (91 %) = – 42. Førtito grader under kroppstemperatur finn ein ved – 5 grader. Konklusjonen er at – 9 grader i litt over 700 moh tilsvarar – 5 grader nede ved havnivå. Det gir ei forståing av at det ikkje kjendest spesielt kaldt her oppe.

Men det er også anna som kan tenkast å influere på komforten. Langbylgja varmestråling, sjølv om denne neppe tyder stort. Solstrålinga er litt sterkare her oppe, spesielt når sola står lågt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Sætrefjellet I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I glissen furuskog i nærleiken av Grønnykjen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppom skodda ved Åvatnet IV

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen ned i skodda att. Visne strå står drypande  våte.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppom skodda ved Åvatnet III

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

18. november: Lite vinterleg, men i det minste er der frost i mosen. Middagshornet i Nordre Vartdal til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppom skodda ved Åvatnet II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Var komen oppom skodda her, men skodda steig så fort at eg var under skoddekanten då bildet vart knipsa. Ser bort mot Trongegga.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppom skodda ved Åvatnet I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her og der ser ein kvar sommaren si blomsterprakt er å finne. Gulsildreblada held seg vintergrøne. Gjekk gjennom skodda her, og hadde enno eit stykke å gå for å kome oppom.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Litlebottsrøra VI

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På tur nedover att. Ser mot Kvitnykja med Litlebottsrøra utafor bildet til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Litlebottsrøra V

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Leitar opp litt farge. Ein rustfarga lav i steinura.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Litlebottsrøra IV

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser ned i Kjersemdalen med Høgsvora og Næremstindan på andre sida av dalen. Granskogen viser svært markert her.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Litlebottsrøra III

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser frå Litlebottsrøra opp mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget