Skarbøbotnen ved kyndelsmess II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Komen opp i skaret mot Kvanndalen, om lag 670 moh. Her tek vinden, lett bris frå sør-sørvest bøyer seg rundt fjellet. Sju kuldegrader. Kveldsrauden lyser i Steingardstinden og Høgsvora.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skarbøbotnen ved kyndelsmess I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ettermiddagstur 2. februar: Flott solskin, kaldt i lufta med glitrande krystallar i snøen. Denne dalen ligg rimeleg skjerma ved dei framherskande vindretningane i dag og i det siste, og snøen er for det meste laus. Men oppover dalen vart det etter kvart litt meir foken snø å gå i. Høgsvora til venstre.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Innom Grytalia

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ettermiddagstur 1. februar: Nede i dalbotnen var det lunt med laus snø å gå i. Her inne møtte eg ein lett bris frå søraust, og fokksnøen gjorde føret litt mindre godt. Skurfjellet litt til venstre.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Austom Grytalia

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
27. januar: Skitur i gode preparerte løyper i kaldt vêr. Utpå ettermiddagen, sola er i ferd med å fare for i dag. Blåfjellet til høgre, og Kvitnykja bakafor.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Framover Vestrefjellet III

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Komen ned i lunare terreng oppafor Vestresætra. Zoomar mot Snaufjellet.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Framover Vestrefjellet II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Komen inn på nordskuldra av Geitnibba. Bles her, som det viser på steinane. Ser utover mot nordvest. Fjella i solskinet er m. a. Blåskjerdingen og Mælen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Framover Vestrefjellet I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Torsdag 24. januar: Ein fridag i veka gjorde seg. Nøytte dei to dagar gamle spora mine til å gå hit opp og eit stykke lengre. I dag bles her lett eller laber bris frå sør, med seks kuldegrader.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppover mot Vestrefjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
22. januar: På skitur oppafor Vestresætra. Snøen har sokke i hop, og her i tregrensa er det lunt nok. Oppe på Vestrefjellet bles det sør-søraust lett bris og sju kuldegrader. Ser vestover.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grytaliskiftet

20. januar: Kaldt i lufta, minus åtte eller ni grader for litt sidan, men her er det sol og stilt og komfortabelt. Gode langrennsløyper. Ser mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Tung skitur i laussnøen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
19. januar: Kom meg nesten opp til Vestresætra. Her var det 115 cm snø, flau vind og eit nordvestleg drag i skyene. Sakk djupt i snøen, som for ein stor del har kome siste dagane. Særleg siste stykket opp hit var tungt å trakke i. Her er det like før det snøar att. Snaufjellet til høgre i bildet.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget