OLYMPUS DIGITAL CAMERA 24. februar: Pluss fem grader, frisk bris, til dels liten kuling. Snøen minkar, men trakkemaskina har laga fin løype. Vêret er i betring. Ser bort i Blåfjellet.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA 17. februar 2019: Tidleg ettermiddag. Skydekket har sprokke opp, og sola skin i Blåfjellet, Kvitnykja, Lauparlægda og Lauparen. Her på Skurfjellet er det fire varmegrader og liten kuling frå sør. Stiv kuling på toppunktet. Rimeleg glid, men ikkje godt feste for skiene, på denne turen.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA 10. februar: Komen bakom Blåfjellet. Lett bris frå aust gjer det kaldt her oppe. Snudde her. Lunare att straks eg kom lengre ned. Skiføret rimeleg bra.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA 3. februar: Ser mot sør. Har snøa i løypene sidan trakkemaskina var her, men mange har gått opp spor. To kuldegrader, og temperaturen går ned etter kvart.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA 3. februar: Gjekk opp att spora frå i går før dei snøa att. Er her komen opp i skaret mellom Skarbøbotnen og Kvanndalen. Mildare enn i går. Bles lett bris frå sør eller søraust her oppe. Lunt i Skarbøbotnen. Ser mot nord.