
12. april: Ser mot søraust.

10. april: Komen opp på ryggen frå vestsida og ser mot sør. Det vårast, og ein ringtrast sat i berghammaren. Flau vind frå aust.

Ettermiddag 8. april: Oppe på Eirsdalsreset. Flau vind frå aust eller nordaust. Godt skiføre. Fjella er frå høgre; Lauparlægda, Lauparen og Brudefølgjet.

Komen oppover ikkje langt frå Heivatna som ligg litt fram til venstre. Kvitnykja ruvar, og leia vidare går i retning mot denne. Litlebotnsrøra litt til venstre, og Næremstindan heilt til venstre.

Komen langt innom Grytalisætra. Her er det ei stigning i ein elles lettgått og bortimot flat tur. Grytavasstinden til venstre og Storbotnshornet til høgre.

Ettermiddagstur 1. april: Har gått frå Sollisætra og vestover, og svinga nedanfor Grønnykjen. Godt føre på snø som bar godt og laga passelig med spor. Bortimot vindstilt. Snur her. Ser ned mot Vestresætra midt i bildet. Storfjorden til venstre. Åsryggen mot Gausneset til høgre for denne, og Ørskogvika til høgre for denne igjen.

Ettermiddagstur 31. mars: Om lag vindstilt. Lengre nede var snøen oppbløytt på toppen, og fin å gå i. Her oppe er snøen frosen, og med smurningsvalet lugga det. Tid for å snu nedover. Ser vestover med Grønnykjen midt i bildet, og Sandvikshornet stikkande opp litt til venstre. Skophornet lengre vekk og lengre til venstre.

16. mars: Nesten oppe, og det er nok. Liten kuling frå søraust. Det tjuknar mot nedbør etter ein dag med sol. Det har lenge vore fokk på fjella. Snøen har ei viss bering i terrenget nedanfor. Her oppe har det vore litt fokk, og det er best å halde seg der det ikkje samlar seg for mykje snø. Ser mot vest.