
12. mars 2023: Gjekk ein kort tur opp i skogen. Snødjupna er meir enn ein og ein kvart meter. Ein vindtrekk i lufta, fint å sette seg i solskinet. Ser Kvitnykja til høgre.

12. mars 2023: Gjekk ein kort tur opp i skogen. Snødjupna er meir enn ein og ein kvart meter. Ein vindtrekk i lufta, fint å sette seg i solskinet. Ser Kvitnykja til høgre.

11. mars: Står på nordsida av Svartløken og ser sørover mot Svartløkfjellet. Her har det gått over ein time sidan siste snøbye. Rimeleg gode løyper. Starta på Brauta denne gongen.

6. mars: Komen inn på høgda mot Kjersem, og ser Lauparen og Lauparlægda i bakgrunnen. Kvitnykje til høgre og Blåfjellet til venstre.

5. mars: Gjekk langrennsløypa. Kome nysnø sidan siste preparering, og nokre skispor oppi dette. Rimelege, ikkje gode, tilhøve. Er eit stykke vestanfor varmestova her, og ser oppi Åsrørne.

5. februar 2023: Gjekk ein tur oppom vegen. Måteleg gode skitilhøve.Ser vestover mot fjella på andre sida av Storfjorden. Storfjellet til venstre og Sandvikhornet og Søvikhornet til høgre.

3. februar 2023: Nokre få kuldegrader, rolege vindtilhøve og godt spor. Blåfjellet til høgre. Litlebotnsrøra i bakgrunnen.


Ser inn i fjella, med Heimste Skorkja til høgre, Fremste Skorkja i midten, og skimtar litt av fjellmassivet med Grytavasstinden til venstre.

19. januar: Komen langt inn og snur her. Ser mot vest, Skurfjellet til venstre. Rolege vindtilhøve og bra føre.