Romjul og første skitur

28. desember: Rakk ein tur i langrennsløypa om ettermiddagen. Komen bort på Kjersemsida og snur. Svak vind og temperatur over null. Godt preparert løype som har litt turr snø i seg trass i mildvêret som har vore. Ser mot sørvest med fin kveldshimmel.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu VIII

I nedre del av Skarbøbotnen med utsyn mot Storfjorden. Ser i Ramstaddalen og Søvika bortom fjorden. Av fjell ser ein Søvikhornet og Sandvikhornet, lengre borte ligg Skophornet, og bortom dette kan Hundatinden sjåast. Mykje blank is i dette terrenget.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu VII

Ser innover Skarbøbotnen. Skarbøsætra ligg litt lengre inne her. Høgsvora i bakgrunnen. Geitnibba ligg framfor denne og når ikkje opp i himmelsjå, men merker seg ut med sol på.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu VI

I Skarbøbotnen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu V

Komen ned mot Skarbøbotnen. Kråkefot.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu IV

Litt grønt oppe i fjellterrenget. Kråkefotplanten fjelljamne.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu III

Ser mot vest. Ørskogbygda og Storfjorden heilt til venstre.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu II

Ser oppover mot Snaufjellet.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fottur ved vintersolsnu

20. desember 2020: På vestryggen av Snaufjellet. Ser komfortabelt ut, men vinden er frisk bris til liten kuling, med nokre få plussgrader, nok til at vatnet som smelta fram i går ikke har frose att. Venta med rasten til eg kom lågare ned. Fjellet til høgre er Blåskjerdingen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På skaresnøen opp på Vestrefjellet VI

Tilbakeblikk oppover. Dette partiet var greit å gå på så lenge det ikkje var for bratt. Skaren bar godt utan å vere for glasert på overflata. Lengre nede var det ikkje fullt så godt å gå nedover.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget