Tredje tur i opptrakka løype I

Komen nord om Vestresætra.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Andre tur i opptrakka løype II

I nærleiken av Skarbøsætra. Ser mot vest.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Andre tur i opptrakka løype I

15. januar: Komen til enden på turen og snur sovidt forbi der eg snudde i går. Aust svak vind og kaldt som i går, men i dag er der litt tynne fjørskyer på himmelen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Trakke løype til Skarbøbotnen II

Komen i opnare terreng nedst i Skarbøbotnen og ser mot nordvest.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Trakke løype til Skarbøbotnen I

14. januar 2021: Kaldt og klart vêr. Stilt her, aust svak vind inne i Skarbøbotnen. Komen til nedafor Vestresætra og ser mot Snaufjellet. Her er ein halv meter snø som var tung å trakke i.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tur i langrennsløypa på nyåret

9. januar: Komen bort til varmestova. Ser mot Kvitnykja med Kjersemsætra hitom. Temperaturen har kome sovidt på plussida, og vinden har auka til frisk bris frå sør her. Oppe i Lissjebotnsrøra blæs det sterkare, og snøen ryk utfor bratte fjellet (litt til venstre). Skiløypa var rimeleg god, men treng påfyll av nysnø. Dette er ein opptrekkssituasjon, og på ettermiddagen var vinden sterkare, skydekket tyngre, og nedbøren kom etter det var mørkt.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nyårsdag III

Sætrefjellet til venstre og Kvitnykja til høgre. Turen går nedover med fin gli, men snøen lengre nede er ikkje djupare enn at ein må leite seg fram der snødekket og terrenget under er best.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nyårsdag II

Ser opp mot Steingardstinden og Høgsvora. Sprovstinden stikk opp til venstre. Geitnibba ligg utom bildet til høgre.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nyårsdag I

1. januar 2021: På skuldra vest for Geitnibba. Kaldt med søraust flau vind. Ser mot nord. Dei høgaste fjella i bakgrunnen er Brustinden, Ytstetinden og Sprovstinden. Koldafjellet heilt til venstre. Her er det fokksnø ute på kanten. Skiføret er godt, pulversnø som eg sakk lite i.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Andre romjulsturen

29. desember: Ved Kjersemvatnet og ser mot søraust. Blåfjellet til høgre og Lauparlægda og Lauparen i bakgrunnen. Flau vind og litt over null grader.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget