Regndag

Jamnt regn no i morgontimane. Stilt i omegna. I ly for sørvesten her. Ti varmegrader.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Enda meir varme

Mandag 1. september vart fin med delvis skya og ein god del sol. Morgonen var skya med skodde her og der. Temperaturen var høg. Mange stader var det nok over tjue grader om dagen. Men no er det fuktig. Det bles berre svake vindar. Utrøne vert det lite av i september. Og sjølv om sola varmar godt står ho ikkje høgt nok til å turke opp marka. Dogga heldt seg mange stader. Fjørskyer med antyding til meiform viste seg midt på dag. Femten timar seinare, neste morgon, kom regnet, fire millimeter før det letta. Så kom det litt sol gjennom skyer på tysdag.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skya fin dag

Etter ein grå morgon då vegetasjonen var våt etter regn turka det sakte opp. Stilt vêr med skodde her og der i dalar og fjell gjorde at det heldt seg vått, men med litt sol har det vorte turrare ut over dagen. Og temperaturen er høg, +19 grader (ikkje maksimum) er godt no når hausten startar.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grå dag

I dag har det vore periodar med regn og yr. Det har vore stilt, med ein del skodde langt ned. Måleglaset viste 0,4 mm regn til kl 8, og temperaturen kl 19 var +13.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lettare ei stund

Det har kome 25 mm regn siste tre dagane. I dag morges letta det, og det var delvis skya og litt sol nokre timar. I kveld er det igjen overskya.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lågtrykk

Eit lågtrykk passerte i går. Dette ga først jamt regn, og deretter byger. Ei stund om morgonen var bygeaktiviteten liten, men i dag regna det friskt i nokre byger. Dette liknar på ein vanleg lågtrykkspassasje der kaldfronten har klappa i hop med varmfronten. Rett etter det jamne regnet kjem bygene som kaldluftframstøyten lagar ved å skape turbulens i varmlufta framfor. Så vert det ei stund med rolegare vêr fordi der ligg att varmluft høgt oppe som skaper stabilitet som undertrykker bygedanning. Når kaldlufta har trengt vekk all varmluft vert det så ny instabilitet fordi kaldlufta er kaldare enn underlaget og derfor tek varme frå dette. Då vert det oppvarming nedanfrå. No i kveld har bygeaktiviteten slutta fordi trykket er høgare og fordi turbulensen i seg sjølv er med på å hindre instabilitet.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Slutten på varmen

25. august vart enno ein varm dag, med mykje sol på føremiddagen. Natta etter kom eit nedbørområde med kortvarig striregn. Neste dag var det fint att, med sol på føremiddagen, men ikkje spesielt høge temperaturar. Seinare på dagen laga det seg mykje haugskyer over land, og desse ga litt spreidt regn. Men stort sett heldt det seg turt til dagen etterpå, då eit nedbørområde ga jamt regn ut på dagen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Slutten på sommaren

Det har vore enno nokre fine dagar med ein god del sol, skifta mellom skya og lettskya og tildels vore varmt på dagtid. Og opplett heile tida. Før var hausten komen no. Siste veka i august brukte å vere haustleg. Men i snart tjue år har vi hatt eit anna klima. Hausten let vente på seg, og når han kjem er det ofte fine haustdagar i vente, i staden for stendig lågtrykksaktivitet. Statistikkar viser også dette. Fordelinga av nedbør i august er annleis. Før brukte det å vere fint i starten, og så auka nedbørmengda utover i månaden. No (dei seinare åra) har nedbørfordelinga i månaden jamna seg ut. Den stigande trenden er der, men han er liten. Det betyr at det har vorte vanligare med nedbør i starten av månaden, og no i slutten av månaden kan vi vente mindre nedbør enn det vi før var vane med. Saman med høgare temperaturar betyr dette ei utsetjing av hausten.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meir godvêr

Det har vore fint i ei veke, med mykje sol, bra varmt, og opplett frå fredag til i dag tidleg. I dag er det moderate temperaturar og spreidde regnbyger, men opplett det meste av tida.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Torevêr

Første delen av august har vore bra fin, med temperaturar stort sett litt over normalen, og sol iblant. Nedbørmengda var lita fram til den 13. Då kom det eit intenst torevêr som ga rikeleg regn sume stader. 46 mm på eit døgn her i Ørskog. Regnet var uvanleg intenst. På ein time kom det 25 mm. Slikt regn førekjem berre om sommaren. Det var varm, ustabil og fuktig luft som vart heva opp av kjøligare luft som kom med eit lågtrykk vestafrå.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget