Regnet ikkje langt unna

Skya om morgonen, seinare delvis skya og mykje sol. Opplett heile dagen. Nokre mil lengre sørvest regna det litt om morgonen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skya dag

Bra fint i dag. +9 om morgonen. Over +15 ut på dagen. Skya med bukle- og haugskyer. Noko sol. Lett bris.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fint igjen

Barometeret har stige. I går kveld sprakk skydekket opp, og om morgonen i dag var det klart over land. Ytst på kysten låg det skodde og haugskyer over øyane. Så kom haugskyene over land om dagen. Dei dekte over halve himmelen. Til dels låg dei ned på dei høge fjella. På kysten gjekk det motsett veg. Der fjerna skodda seg frå øyane. Til havs heldt det seg med haugskyer. På ein slik dag var det nesten stilt for vind til fjells. Og med sol i perioder var det fint. Etter kvart breidde skyene seg ut over, og no i kveld er det skya med bukleskyer. Til dels ligg desse ned på toppane.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Forandring

På slutten av den fine solskinsdagen i går dukka det opp band med fjørskyer på himmelen. Desse viste tydelege meiformer. Dei dreiv sakte frå nord eller nordaust. I natt kom det regn, og framleis regnar det lett i morgontimane. Det er +10 grader, og det ligg skoddedottar i fjellsidene. Dei høge fjella er vekke i skodde. Det er vindstille.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Turt

Denne veka har det vore fritt for nedbør. Skydekket har vore skiftande. Til tider har parti med bukle- eller rukleskyer dekt det meste av himmelen. Tysdag kveld skya det til sørfrå, men lågtrykket gjekk så langt sør at det vart med skya vêr nokre timar før det klarna att. Det har vore mykje sol. Onsdag og torsdag bles det frå aust, lett eller laber bris. Dermed vart det doggfrie netter og morgontemperaturar over ti grader. I dag har vinden minka, helst fordi han har dreia. Det var +13 før sola kom opp. Og turt i graset.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellombels tilskying

Tidleg i dag trakk eit dekke med høge skyer over det meste av himmelen. Draget var frå aust. Midt på dag sprakk dette opp, og på tidleg ettermiddag er det delvis skya, mykje sol, og +17 grader. Det bles ein svak vind.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Strålande haustdag

Morgonen var klar, med mykje dogg i graset. Minimumstemperaturen i natt var +5. Dette er litt i overkant for ei klar natt denne tida. Himmelen var klar, men sume stader låg det skodde langs fjellsidene, noko som vart betre synleg frå fjella. Til fjells bles det ein svak austleg vind. På toppen av Grytavasstinden bles det lett eller laber bris frå sør midt på dagen. Denne var nok styrkt av oppvinden i solsida. Lufta var rein, og sikta til fjells god. Dei fleste fjella framstod turre, men på Muldalsegga og Torvløysa var det nysnø etter regnet siste veka. Til havs var det ein del skodde eller låge haug- og bukleskyer. Inn over land låg skodda midt i fjellsidene, spesielt i Tresfjorden. Også i Velledalen var det litt skodde høgt i vestsida.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Klarvêr

I natt klarna det etter den skya gårsdagen. Då kom det ein halv millmeter regn. Unnateke nokre få skoddedottar var det heilt klart i morgontimane i dag. Ut på dagen kom der haugskyer, men desse har vore små, og berre dekt ein liten del av himmelen. No på ettermiddagen er det ikkje meir enn lettskya. Temperaturen er +14,5, og det bles ein svak vind.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Langt mellom regnbyene

I går sprakk skydekket opp. Dei utstrekte skyene minte ikkje om haugskyer. Det kom heller ikkje regn første timane. I staden vart det litt sol, mest i ytre strok. Ut over dagen utvikla haugskyene seg under det flate skydekket, og om kvelden kom det enkelte regnbyer. Men det var langt mellom desse, og på same stad var det berre ei bye. Vidare heldt det seg opplett siste natt. Det kom ei regnbye om morgonen og ei om ettermiddagen. Desse var kortvarige. Elles har det vore stort sett opplett. Lite sol i dag, mindre enn i går.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vått

Siste døgnet regna det 25 mm. Det meste kom på dagtid i går. Morgontemperaturen er +9. Regnet i går var typisk med samanhengande regn som gjekk over til regnbyer. I morgontimane går der enno spreidde byer, men skydekket sprekk, så dagen vert truleg opplett. Det er vindstille og enkelte skoddedottar. Vegetasjonen kjem til å halde seg våt lenge.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget