
Komen opp på fjellryggen 20. juli. Ser utover mot midtre del av Geirangerfjorden

Komen opp på fjellryggen 20. juli. Ser utover mot midtre del av Geirangerfjorden

Ser innover mot fjella sør for E39. Giskemonibba i midten, Snaufjellet til høgre, og Høgsvora bakom til venstre.

Ein sidebekk har rive med seg jord. Kanskje etter telen i vinter?

Det klarnar, og her nede på fjellryggen er det også lunare for vinden. Litt av Svartevatnet nede til venstre, og Halvardfjellet midt i bildet.

Ser ned på enden av Stordalen og bukta utafor.

Ser utover med Storfjorden rett utafor Skotet midt i bildet. Bris frå sør på toppen, og noko kjølig.

Øvste partiet på fjellet frå nordvestsida. Rett hitom toppen brukar ligge ein snøbre på føresommaren. Denne sperrar der ryggen er smalast, og får ikkje skikkeleg sol på seg før ut på dagen.

Eit flatt, myrlendt heiområde der fuglar som raudstilk, heilo og enkeltbekkasin trivs. I bakgrunnen m.a. Regndalsbreen.