
Fjelltjøreblom oppe på platået ikkje langt frå toppen av Tretindanibba.

Fjelltjøreblom oppe på platået ikkje langt frå toppen av Tretindanibba.

Løvetann kan også finnast til fjells. Her på ein frodig haug innafor Oaldsvatnet.

Raud jonsokblom, oftast kalla Hanekam, trivst på frodige stader også til fjells.

Skorene stikk opp borte på andre sida av Eidsdalen.

Skydekket over fjella nærare kysten tjuknar, og vinden over Keipane aukar til frisk bris eller liten kuling frå sørvest. Dagen etter dette vart regntung, men indre strok slapp med lite regn.

Ser bort på fjella på nordsida av Geirangerfjorden. Geitfjellet midt i bildet i bakgrunnen. Teinnosa rett hitom og ikkje i himmelsjå. Gomsdalen til høgre for desse fjella.

Komen inn under toppen på fjellet får ein dette utsynet ned på indre delen av Geirangerfjorden.

Ser bort på øvste ryggen av Keipane. Blåhornet bakafor til høgre. Det bles ein sørsørvestleg bris oppå her, og litt skodde heng att kring sume fjell.

Ser over mot Ørnevegen. Fremste Skora i bakgrunnen.