
Går etter setrevegen og zoomar mot fjella sørom Isfjorden. F.v. Kvanndalstinden (ser berre litt), Vengetindane, Romsdalshornet, Breitinden, Blånebba og Store Trolltinden (stikk sovidt opp bakafor).

Går etter setrevegen og zoomar mot fjella sørom Isfjorden. F.v. Kvanndalstinden (ser berre litt), Vengetindane, Romsdalshornet, Breitinden, Blånebba og Store Trolltinden (stikk sovidt opp bakafor).

På Kammen med fjellfestivalen 16. juli. Grått i vêret med nokre lette regnbyer og bris oppe på egga. To korte ykter med sol. Her eit utsyn ned mot Storevatnet og ein skimt av Taskedalstinden frå noko aust for toppen.

På vestlegaste Åsrørene. Kveldstur. Ser bort på Blåfjellet til venstre og Memorgoshornet til høgre. Lett bris og turt i graset, men terrenget er vått.

Oppe på høgaste Åsrørene med utsyn ned til Tresfjorden. Lett bris frå nordaust og litt kjøleg i lufta.

Nede ved Lissjebotnsvatnet. Frå turen 25. juni. No er det sume små dropar i lufta, men ikkje verre enn at det går an å fotografere.

Eit vått parti med lysegrøn mose og molteplanter.

Greplyng fins det mykje av på turre rabbar til fjells. Frå terrenget mellom Fremste Skorkja og Lissjebotnsvatnet.

Fann desse og nokre til i vestsida av Fremste Skorkja, litt nedom toppen.

Lauparen til høgre, og Lauparlægda rett bakom Grytavatnet. Ei av rutene opp dit går beint opp på egga til venstre for toppen der det er minst ur, men bratt.