
Ser mot nordvest.

På toppen 20. juli. Godt og varmt med berre ein flau vindpust opp den soloppvarma austsida, og stilt elles. Ser mot søraust.

Mykje ur på vegen oppover. Kyrkjetaket midt i bildet, og Store Klauva til høgre. Isfjorden til venstre.

Komen opp på første høgda. Juratinden litt til venstre i bildet.

Ser tilbake og zoomar litt. Fjella i himmelsjå er Kvanndalstinden, Vengetindane, Breitinden og Trolltindane.

Ser opp mot toppen. Tek sikte på å gå opp den bratte grasbakken til høgre for å ha skugge.

Komen til seters. Zoomar mot Juratinden og Morgådalstindan.