
Ettermiddagstur 7. januar: Snøkaven på morgenen har gitt seg, og løypene er preparerte. Ser oppover mot Åsrørene.

Ettermiddagstur 7. januar: Snøkaven på morgenen har gitt seg, og løypene er preparerte. Ser oppover mot Åsrørene.

Ettermiddagen 6. januar 2018: Nedafor Grytalisætra. Ser mot ei lysning i sørvest. Bolleberget litt til høgre.

Morgenskitur 28. desember 2017. Komen til Grytalisætra. Ti kuldegrader i området. Fjella er frå høgre: Heimste Skorkja, Fremste Skorkja og Grytavasstinden.

17. desember 2017: På skitur i nypreparert løype på Vaksvikfjellet. Vinden er i ferd med å auke til bris frå søraust i terrenget her, og temperaturen er stigande, truleg nær null. Ser bort mot Bolleberget. Snøen drys etterkvart av trea. Snødjupna kan vere ein meter.

Ser ned mot fjorden ved Dyrkorn. Skodda har minka. Ikkje meir enn flau vind her oppe no.

På toppen. Ser mot nordaust ned på Hjellesætra. Kjersemvatnet litt over midten av bildet, og Grytalisætra nærare mot høgre

Skodda kjem og går. Fuktig myrgras. Mellom Visetbotn og Dyrkorn 5. november.

29. oktober: Kveldstur opp til 400 m.o.h. Ser bort i mellom andre Lauparen og Grytavasstinden.

Førmiddag 15. oktober: Frisk bris frå sør-sørvest og +6 grader. For nokre timar sidan regna det, så sprakk skydekket, og no har det tjukna jamnt til. I sør og vest regnar det litt, men her heldt det seg opplett ei lang stund etter bildet var teke.

8. oktober: Komen bort under Kvitnykja og går ikkje stort lengre. Våt snø og sleipt. Ser mot Kjersemvatnet og Storfjorden, med Blåfjellet til venstre.