Lun furuli

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

10. mars 2018: På skitur i gode løyper. Tre varmegrader og nær vindstilt i terrenget, men her på denne sørvende staden kan det kjennast rett mildt i solskinet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tidleg i mars

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

4. mars: Ute på ski mellom Vaksvika og Kjersem. Gode løyper med passande feste under skiene. Null grader og svak vind frå aust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sist i februar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

24. februar: I rundløypa som går mellom Kjersemfjellet og Sollisætra. Gode løyper, rolege vindtilhøve og kring null grader. Ser vestover mot Storfjorden ved Søvika.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Inn på Kjersemfjellet og tilbake

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

11. februar: Komen litt ut av løypa på langrennskiene. Bris frå søraust og tre plussgrader. Gammal snø og litt problem med festesmurninga. Ser mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Åsrørene

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

4. februar: Snart oppe. Godt å ha skogen til å orientere seg i. Nær blindføre elles. Oppå bles det svak vind frå vest, med – 1 grad. Noko tungt å gå i laussnøen, sjølv om der er eit fast lag nedi.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Blåfjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

3. februar: Like nord for Grytalisætra. Godt føre i preparerte løyper. Kaldt, men godt å vere ute i solskinet. Ser mot Blåfjellet (t. h.) og Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Forbi Grytalia

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

2. februar: Går mot kveld. Bris og seks kuldegrader gjer det kaldt å stoppe her oppe, men mesteparten av skituren gjekk i skjerma terreng. Litt fokksnø, men også mykje laussnø oppå eit fastare lag. Denne laussnøen var ikkje plagsomt djup. God gli og godt føre. Ser mot Lauparlægda og Grytavasstinden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Kjersemsætra

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

21. januar: Nær vindstilt, tre-fire kuldegrader i terrenget. Ser mot Høgsvora og Næremstindan.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Sollisætra

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

20. januar: Gode skiløyper, og også gode skitilhøve i laussnøen. Fem til sju kuldegrader i terrenget, og nær vindstilt. Ser mot Kvitnykja, Lauparen og Lauparlægda i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgentur på ski mot Høgreina

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

9. januar: Ei einsleg furu i terrenget nedafor Høgreina. Sola skin oppi Lauparen (t.h.), Lauparlægda og Kvitnykja. Godt føre i laussnøen. Sakk litt nedi snøen nede ved Grytalisætra. Det kom seg oppover. Her oppe bles det laber bris frå sør. Ikkje særleg kaldt.

 

 

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget