Category Archives: Vêr

Regnbyer

+3 grader, spreidde regnbyer sidan tidleg i ettermiddag. For det meste bris. Seint siste natt regna det. Om morgonen var det opplett, +5 grader, og midt på dag var det kortvarig delvis skya eller skya. Sidan har det vore nokre regnbyer, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Spreidt regn i dag, 5 grader, svak vind, overskya. Halvveis berrt på markane. På andre sida av dalen ligg markane kvite. Det er ikkje fordi der er nordvendt, for sola gjer liten skilnad no. Det kjem heller av at der … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Enda mildare

+10 grader, sørleg bris, overskya, bukleskyer som dreg frå sør eller sør-sørvest (sør til vest), og ligg over fjelltoppane. Opplett heile tida frå i går, men av og til nokre regndropar som knapt merkast. Turre vegar, berrt i låglandet opp … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare

+8 grader, svak vind frå sør. Skya, fri sikt til fjelltoppane. Dei nedste skyene, bukleskyer, driv frå sør-sørvest, ovanfor driv fjørskyer frå vest-sørvest. Lufttrykket har minka. Desse teikna tyder på at det kjem regn innan eit halvt døgn. Meir enn ti cm … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+6 grader, sør lett bris. Lett skya, dvs. høge tynne skyer over det meste av himmelen. Snøen har vorte kram eit stykke oppover i høgda. Av fuglar har eg sett fuglekonge, granmeis, dompap og gråtrast då eg var opp etter … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Temperaturstigning

+5 grader, men frisk bris (søraust) gjer at det kjennest kaldt. Lett overskya. Den turre vinden får snøen til å fordampe. Dette dreg varme frå snødekket, som vert verande fast og turt, trass varmegradene.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Søraust bris

+2 grader, laber bris frå søraust, skya, relativt høge skyer med litt mandelform, rukleskyer og bukleskyer. Enno litt blå himmel i søraust. Dei nedste skyene dreg frå sør eller sørvest, dei øvste frå vest eller sørvest. Litt rennefok på fjelltoppane. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Forbigåande lettskya

Tre kuldegrader og klart. Lett bris frå søraust. I går kveld skya det til med høge tynne skyer frå søraust, og seint på kvelden viste det seg ein stor ring rundt månen. Typisk slørskyer. Desse såg ut til å dekke … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skyfritt

Klart og kaldt. Svak vind til lett bris frå aust. Tre kuldegrader, -5 før middag. Inne ved overgangen til Tresfjorden var det -10 om målaren der er truverdig.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

Klar himmel, fem kuldegrader, flau vind. Eit tynt skydekke til havs, heilt klart over land. Tidleg i dag var det to kuldegrader.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget