Forbigåande lettskya

Tre kuldegrader og klart. Lett bris frå søraust.
I går kveld skya det til med høge tynne skyer frå søraust, og seint på kvelden viste det seg ein stor ring rundt månen. Typisk slørskyer. Desse såg ut til å dekke himmelen.
I dag tidleg var det delvis skya med høge skyer, som etter kvart vart færre.
Inne på høgda (Vaksvikfjellet) ved overgangen til Tresfjorden var det -7 grader, som fort sakk til -9. Der er eit flatt og ope terreng som kaldlufta legg seg i. Skogen hindrar denne kulden i å bli effektivt drenert ned gjennom dalen til Vaksvika.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.