Category Archives: Uncategorized

Roleg vêr

I går var det lettskya med berre skyer høgt oppe på himmelen, og solskin dei plassane som har fri sikt mot sør. Skyene dreiv lite, og vind var det lite av. Mot kvelden vart det kjøligare, men lite frost sjølv i … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tiltjukning

Dagen starta med sørleg bris, skyer over det meste av himmelen, og turt og mildt vêr. +11 grader før middag. Seinare skya det over, og om kvelden regna det ei stund. No seint har regnet nesten gitt seg.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snaufjellet

Var oppe på Snaufjellet i går. Det heiter slik, med stor S. Toppen ligg 893 moh. Der oppe var det sør frisk bris og nokre få varmegrader. Då kjennest det kjølig, og det var godt å ta på varme klede. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Austavind

Aust laber bris i dag. Lettskya, berre litt fjørskyer på himmelen. No i kveld delvis skya, rukleskyer, +8 grader. Trass i høg lufttemperatur finst det is på vegane og i marka. Vegane er likevel for det meste turre. At det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Langt opp til snøen

Mildvêret i helga klarte å ta vekk snøen langt opp i fjellsidene. Etterpå kom det høgtrykk. Sjølv om det er høgtrykk kan gråvêret halde seg lenge denne tida berre det er ein svak pålandsvind. I går var morgonen mørk og fuktig med … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snø

I kveld kom første snøen. 3 cm ute på plenen. Det er +1 grad her på 150 moh. Tvilar på at snøen har lagt seg ned til sjøen. 6 mm i måleglaset i dag tidleg. Dette kom på eit halvt … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meir vind

7 mm regn på eit og eit halvt døgn. I går på føremiddagen var det opplett, tiltjukning med lagskyer, og bukleskyer under. Mildt. Seinare kom det vind frå sør, og regn. Mot natta dreia vinden vest-sørvest. Morgonen var bra, skya og … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Hauststormar

Sønnavinden torsdag var sjeldent kraftig. Vinden kjem ned frå fjella og vert dregen til havs av lågtrykk utanfor kysten. Slik vind er turbulent. Middelvinden er kanskje kuling utsette stader, men styrken i vindkasta er like sterk som styrken i vindkasta … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regn

27 mm regn på eit døgn. Det meste har kome i natt. +4 grader om morgonen, +5 i går ettermiddag. Det er overskya, lett bris frå sørvest eller sør, og lett regn.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regnbyer

Lett bris i dag tidleg, delvis skya, 1 mm nedbør siste døgnet. Kanskje ei eller to regnbyer ut på natta. I dag har det vore sørvestleg eller vestleg bris med regnbyer. Snøen har på nytt lagt seg ned i fjella. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget