Category Archives: Uncategorized

Nysnø

Tungt vêr i dag. Regn frå morgonen, lite nedbør midt på dag, no i kveld er marka kvit etter litt snøvêr. I går var det overskya og opplett med nokre plussgrader.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Berre markar att

Mildt vêr fjerna snøen opp til 200 moh. Lufttrykket har vore høgt i jula, men svak pålandsvind har gjort at det har vore mange grå dagar likevel. I går var det klart. Då kom temperaturen ned i -3 grader. Mild … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fin veke

Fint vêr i føregåande veke. I Nordre Vartdal var det berre markar, ned til fem kuldegrader, og opplett heile veka. Lettskya og til dels klart vêr. Berre skyer høgt oppe.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Plussgrader

To varmegrader, spreidde sluddbyer, men for det meste opplett. Skya eller overskya, vestleg drag i skyene, flau vind. 32 cm snø nede ved hovudvegen. Minst 40 cm oppe i Hatlen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snøkave

Det har snøa i heile dag, og blese liten kuling eller frisk bris. No i kveld er det null grader, og 40 cm snø på marka. Vinden ser ut til å kome frå vest-nordvest slik som dei siste dagane. Retninga skyene … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Turt for ein dag

Sørleg bris, +6 grader, opplett sidan seint i går kveld, skya med både låge og høge skyer, sørvestleg drag i dei låge skyene, som ikkje tek ned på fjelltoppane. Lite kvitt att på markane. Stort sett kvitt over 250 moh.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nordavind

+1 grad og snø- eller hagbyer i kveld. Rolege vindtilhøve, men nordavinden når visst ikkje til i Vaksvika. I går var det tungt vêr, overskya og regnbyer. Sørvestleg vind, liten kuling på litt utsette stader. Slik heldt det fram i … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sørvest

Fem varmegrader og til dels opplett i dag. Laber bris frå sørvest. I natt har det regna og blese. Vanskeleg å seie kor sterk middelvinden har vore, frisk bris eller liten kuling. No er sikta god, og fjella synlege nesten … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grått

I dag har det vore ein av dei grå og triste novemberdagane. Det har likevel vore greit å drive utearbeid. Overskya, lett regn, +5 grader, svak vind, skodde på fjella.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Omkring fullmåne

No når det nettopp har vore fullmåne (i går) ville det vere kjekt med klarvêr slik at månen fekk lyse opp i nettene. Men dette ville innebere frost, og det er ikkje berre kjekt. Aller lysast vert det når det ligg … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget