Author Archives: fjellutsikter

Ved Sollisætra

Mildvêret har avløyst kulden. Sørvest bris og varmegrader. Laussnøen er tung å trakke i. Ei lysning i skydekket i sør. Heimste Skorkja litt til venstre. Bolleberget nærare og litt til høgre.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Skarbøbotnen i januar

Litt blått vart det i dag også. Og her nede er det lunare enn oppe på fjellryggane. Ser mot Koldafjellet beint fram i bildet. Myrane er frosne. Gamlesnøen er hard. Ein del is i terrenget.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Koldafjellet i januar

Lett bris frå sør-sørvest og -7 grader. Turt nok til å gå oppover ryggen utan å møte for mykje skaresnø. Ser mot Brustinden og Ytstetinden til høgre. Litt av Svartløkvatnet synleg til venstre. Blåskjerdingen heilt til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarkulde på Geitnibba II

Ser mot Snaufjellet. Blåskjerdingen til høgre i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarkulde på Geitnibba I

Ser mot Høgsvora. Temperaturen er -13, og vinden lett bris eller svak vind frå sør. Eit tynt lag pulversnø oppå lyng, berg eller skare. Is i terrenget, til dels vanskeleg å sjå, gjorde turen litt krevjande lengre nede.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestom Barstadskaret II

7. januar: Ser mot Middagshornet, med Romedalstinden til høgre, og Ramoen stikkande opp til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestom Barstadskaret I

3. januar 2016: Ser mot Trongegga til venstre, Lissjedalen i midten og Grøthornet til høgre for denne. Klovetinden sovidt synleg bakafor. Flau vind frå aust eller nordaust, og rimeleg god vintertemperatur. Kom bort i solskinet litt nærare Trongegga. Isete i … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestrefjellet i romjula

Komen opp på Vestrefjellet etter å ha trakka i snø som ikkje er djup. Etter fjellryggane var det lite snø, og i skråningane elles var det ti til tjue cm å trakke i. Her oppe er vinden sør-søraust sterk kuling … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Åsryggen ved Gausneset II

Komen litt nedom toppen. Her er det lunt sjølv om sørausten bles godt nede på fjorden. Ser inn etter Storfjorden med Dyrkorn midt i bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Åsryggen ved Gausneset

Komen utom toppen av åsen. Ser utover Storfjorden med Røneset til venstre og Glomset lengre ute til høgre. Langt ute og midt i mot ligg Melshornet på Hareid.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget