Author Archives: fjellutsikter

Utsyn mot Årskogfjellet

17. april 2016: Inne i dalen i Nordre Vartdal.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Vartdal

17. april 2016: Oppe på Lissjesandfjellet. Vartdalsfjorden og litt av bygda Vartdal. Bergehornet til venstre, litt dekt av skodde. Vindstilt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe på Blåfjellet

10. april 2016: Har klarna opp no om kvelden, etter ein skya ettermiddag. Laber bris frå aust eller nordaust her oppå. Ser mot Grytavasstinden, Storbotnshornet, Fremste og Heimste Skorkja. Godt skiføre og god glid ned att.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Akslevollvatnet

Lite is att på vatnet, og ein del ender symjande utpå. Dei andre vatna i nærleiken er enno isdekte. Ser Blåskjerdingen beint i bakgrunnen, og noko av Frostadtinden til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppå Vêrahornet

10. april: Strålande klart og lett bris frå søraust eller aust. Snøen enno nokså fast på vegen oppover. Ser ned på Sjøholt og Ørskogvika med Liafjellet til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellom Vestresætra og Vestrefjellet

9. april: Komen eit stykke opp for Vestresætra. I starten var skiføret ikkje særleg godt, men betre etter kvart, og herifrå og oppover var det flott føre med pulversnø oppå eit fast lag med eldre snø. Vindstilt her, lengre oppe … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Eirsdalsreset II

28. mars: Ser opp i Kvitnykja. Bris frå sør og noko sol denne førmiddagen. Skaresnø oppover til hit, i lågare lende litt blautare snø. God gli nedatt, litt vanskeleg å styre. Gjekk forbi Grytalia og rundt Blåfjellet på sørsida på … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Eirsdalsreset I

Zoomar Heimste Skorkja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Innom Hjellesætra

27. mars: Regnet har gått forbi, og i vest har det sprukke opp. Ser vestover mot Storfjorden og Vaksvikbygda. Byrja merke vinden her, men med høg lufttemperatur gjekk det godt an å halde fram til oppe på høgda bakom Skurfjellet. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lettare vêr etter middag

25. mars 2016: Etter ein grå og våt morgon vart det lettare med delvis skya og perioder med sol langfredags ettermiddag. Inne på Vaksvikfjellet. Ser Fremste og Heimste Skorkja i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget