Gjekk over Halvardfjellet i går, 24. mai om morgonen. Nesten overskya, svak vind eller lett bris frå nordvest på toppen. Skoddedottar her og der, til dels lavare enn Halvardfjellet. Ei utvikling mot haugskyer fram over føremiddagen. Etter kvart var dei lave skoddedottane vekk, fjella høgare meir gøymde i skyer, og haugskyene store. Samstundes danna det seg rukleskyer av typen fåreskyer høgare på himmelen. Desse varslar gjerne regn. I går låg skyene i ro. Først kom det lette byer inn i fjella, kl. 13 kom første regnbya nede i dalen. Spreidde byer ut over dagen.
Av fuglar eg observerte på fotturen kan nemnast steinskvett, lauvsongar, kjøtmeis, ringtrast og heipiplerke. Gjekk for det meste på berr mark. Oppe på fjellet trakka eg over nokre snøparti som var faste utan å vere harde, etter ei kjølig natt.