Sunnmørsklima

Innhaldet på denne sida skal flyttast til:

Talet på regndagar somrane 1959-2011. Regndagar er alle døgn med målbar nedbør.

Grafen viser talet på døgn med minst 1 mm regn, for kvar sommar (juni-august) i tida 1959-2011. Tala er etter målingar på Vigra.

Grafen viser samla regn i juni-august i ein periode på 53 år. Sommaren med mest regn i ytre strok var i 1964. Dernest kjem 1998, 2001 og 1973. Sommaren 2011 kjem på femteplass. Det har heller regna ofte enn mykje, og største nedbøren har kome i indre strok. Turraste somrane var i 1968 og 1963. To andre turre somrar var i 1970 og 1987.

Graf som viser gjennomsnitts skymengd for juni-august samla, i tida 1959-2011.

Graf som viser samla middeltemperatur for månadane juni-august i tida 1959-2011.

5 Responses to Sunnmørsklima

  1. fjellutsikter's avatar fjellutsikter seier:

    Statistikken for dei 53 siste somrane viser at det har vorte fleire varme somrar siste åra, og at trenden mot eit varmare klima også kan målast for denne årstida. Dei seks varmaste somrane er: 2002, 2003, 1997, 2006, 2008 og 1969. Dei seks kjøligaste er: 1962, 1964, 1993, 1965, 1977 og 1987. Dei kjølige somrane er av to sortar. Nokre har vore fuktige med mykje vestavêr og lite sol. Andre har vore turre med kjølig nordavind eller nordaustleg.
    Sommaren 2011 er den kjøligaste sidan 2001. Samanlikna med normalperioden 1961-1990 var denne sommaren middels angåande temperatur. Det er nattetemperaturane som har drege opp. Med moderate dagtemperaturar og lite sol er det likevel grunn til å konstatere at det var ein sommar med lite følt varme.

  2. fjellutsikter's avatar fjellutsikter seier:

    Grafen som viser skymengd fortel at sommaren 2011 var den gråaste siste 53 åra, med enda meir skyer enn regnsommaren 1964. Denne sommaren kjem som nr. 3 blant dei gråaste somrane på statistikken, men i 2005 og 2006 var observasjonane mangelfulle. Derfor kan det hende at sommaren 2005, som kjem på andreplass på lista over somrar med mest skyer ikkje var like grå som grafen tyder på. Andre somrar med mykje skyer var 1967 og 1996. I 1996 var det mykje skyer i juni og juli, men august retta opp litt.
    Sommaren med mest blå himmel var i 1982. Denne sommaren bles det ein god del frå nordaust. Det kan vel hende at det bles ein del frå denne retninga også i 1963, som baud på den nest blåaste sommaren. Andre somrar med lite skyer var i 1975, som starta kjølig og etter kvart vart varm og fin, og i 1997. Denne siste var ein varm sommar.

  3. fjellutsikter's avatar fjellutsikter seier:

    Grafen som viser nedbørmengda om sommaren viser ein trend til at det vert færre turre somrar. På den andre sida var der vel så mange våte somrar før. Det er ikkje grunnlag for å påstå det, men det som kan lesast ut frå grafen er at der er ein svakt aukande trend i nedbøren, og at skilnaden mellom våte og turre somrar har vorte mindre. Det er også slik at ein nedbørrik periode i ein elles turr sommar kan gi inntrykk av at heile sommaren har vore våt.

  4. fjellutsikter's avatar fjellutsikter seier:

    Grafen som viser talet på døgn med minst 1 mm regn er eit forsøk på å gi ei enkel framstilling av kor våt ein sommar kan seiast å opplevast. Eit nedbørdøgn er definert som eit døgn med minst 0,1 mm nedbør. Eit slikt døgn kan vere ganske turt. Grensa på 1 mm gir ei litt betre framstilling. Høgda på grafen er sett til 92, det fulle talet på døgn i juni-august. Dermed viser grafen kor mange døgn som har lite eller ikkje nedbør.
    Sommaren 2011 kjem som nummer seks eller sju på denne lista. Men så var det skoddeskyene meir enn regnet som irriterte i ytre strok. Når marka er så våt i år kjem det av at det har vore vått både før og etter sommaren.
    Våtaste somrane var i 1964 og 1989. Dei turraste i 1997 og 1968.

  5. fjellutsikter's avatar fjellutsikter seier:

    Grafen som viser totalt tal på nedbørdøgn i sommarmånadane viser at klart våtaste sommaren var i 1964. Andre våte somrar var i 1961, 1981 og 1971. Klart turrast var sommaren 1997. Andre turre somrar var i 1975, 1963, 1968 og 1982.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.