OLYMPUS DIGITAL CAMERA 1. juni: Nysnøen dekker det meste av fjellterrenget. No er temperaturen behagelig, og vinden har minka til flau vind frå nordaust. Ser opp i Kvitnykja.
19. mai: På tilbaketuren. Vart fint med sol i dag. Ser mot Blåfjellet til høgre, Lauparlægda og Lauparen til venstre, og Storbotnshornet stikkande opp bak. Høyrde gauken for første gong i år i lia bortom Kjersemvatnet.
28. april: Ser mot Tresfjorden. Førmiddagstur i bleik sol, flau vind og varmt i lufta. Meir skyer i sør, men utover dagen klarna det i den retninga også. Bles litt meir nede i dalane enn her oppe i høgda.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA 20. april: Ser mot aust, med Sprovstinden til venstre og litt av Næremstindan til høgre. Ei snøstripe viser kvar vegen inn til Syltesetra går. Lett bris frå sør eller sørvest og mildt.