Anleggsvegen på åsryggen mot Gausnestoppen

8. april: Ettermiddag. Går nedover mot Valbøen att. Vestavêr med spreidde kortvarige byer med regn og nesten smelta sprøhagl. Litt sol mellom byene. Såg ein flokk bokfink lengre nede i vegen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tredje skituren til Hjellesetra

5. april: Palmesøndag morgen. Kome eit tynt nysnølag om natta som fort vart vått i mildvêret. Vanskelege smøretilhøve og bakglatte ski grunna for hard voks. Tok bildet litt vest om Hjellesetra. Ser mot sørvest og terrenget kring Visetsetra.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Andre skituren til Hjellesetra

4. april kveld: Gjekk opp att løypa. Vêret har vore opplett i timevis. På Hjellesetra att. Ser bort på hi sida av dalen med Høgsvora til høgre.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skitur til Hjellesetra

4.april 2020: Førmiddagstur. I dag var det tungt å trakke løype hit. 50 cm snø i starten ved Hallvardsetra, og 90 cm snø her på Hjellesetra. Laussnø som skiene gjekk ned i. Svake vestlege vindar. Ei snøbye gjekk sakte forbi og la ned ti cm snø i løpet av turen. Står på setra her og ser mot nord. Skimtar skogen og terrenget på hi sida av dalen. Den lyse horisontale stripa litt over midten av bildet er det dyrka partiet på Vaksvikfjellet. Såg ein flokk meiser på turen, granmeis og toppmeis.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Fonna II

Ser nedover dalen. Det blæs her, men temperaturen er bra, og pluss ti nede ved fjorden. Melshornet på andre sida av Vartdalsfjorden.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Fonna I

23. mars: Zoomar opp i fjella og ventar til det kjem litt ekstra fokk på bildet. Åvasstinden til venstre og Middagshornet lågare og nærare. Truleg er det varmegrader langt opp i fjella, men skikkeleg hustrig der oppe. Og med turr vind vert det fokk om det er litt varmegrader. Dette er ein opptrekkssituasjon, med eit lågtrykk på veg. Vinden på fjella er sørleg, medan skyene (ikkje synleg på bildet) kjem frå vest. Morgonen etter regna det.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellom Vestresetra og Skarbøbotnen

7. mars: Smurde med for mykje feste, og møddest komen opp om 400 moh. Tok leia rett mot bakke og rende ned der det var halling nok til å få gli. Bris frå sør der det var utsett, elles nokså lunt. Ser inn Skarbøbotnen med Høgsvora til høgre for furua.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski til varmehytta

6. mars 2020: Ser opp i lia retning Åsrørene. Høgsvora og Næremstindan stikk opp utan å vere markerte. Bris og plussgrader på dagtid.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til skaret i Åsrørene enda ein gong

21. februar: Vestavêr og byer. Komen nesten opp og ser mot nordaust. Skiføret ikkje særleg godt.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe på Storåsen

20. februar: Ute på kanten på nordsida og ser mot nordaust.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget