Utsyn nordover frå Eidshornet

Bilde 1: Zoomar ut mot kystfjella, der skoddeskyene ligg kringom. Storfjellet heilt til venstre, og Blåskjerdingen til høgre. Bilde 2: Zoomar igjen. Lauparen i bildekanten til venstre, vidare Brudefølgjet, Rollsbotnskorkja, Auskjeret, Ørastolen, Storbuen, Trollvasstinden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn vestover frå Eidshornet

Bilde 1: Geitfjellet litt til venstre i bildet. Vidare mot høgre og lengre vekk m. a. Kvitegga, Risenosa, Skruven og Smørskredtindane. Bilde 2: Zoomar inn f. v: Kjerringøyra, Risenosa (snødekt topp), Skårasalen (langt vekke), Jakta og Skruven. Bilde 3: Zoomar inn. I himmelsjå frå venstre: Grøtdalstindane, Høgerestinden, Vassdalstinden, Litledalshornet, Smørskredtindane, Storegjyltinden (sovidt synleg), Sætretindane,, og Leirvasshornet med Brekketindane stikkande opp bakom. Bilde 4: Zoomar mot Regndalstindane i skodde, og Brunstadhornet framfor dei utan skodde.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn sørover frå Eidshornet

Av fjell her kan sjåast Fedalsnibba heilt til venstre og ein del av Jostedalsbreen langt bakom denne. I midten og langt borte eit fjellparti sørvest for Breimsvatnet med Botnafjellet som høgaste toppen. Litt til høgre for midten og mykje nærare er Lianibba den mest markante spisse toppen. Til høgre i bildet og langt borte ligg Gjegnalundbreen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn austover frå Eidshornet

 

Bilde 1: Skorene. Bilde 2: Ser ned i Gråsteindalen. Torvløysa og Kupenibba lengre bak og heilt til venstre. Bilde 3: Blåhornet til høgre. Dalsnibba sovidt til høgre for midten og ikkje i himmelsjå. Bilde 4: Zoomar mot m. a. Lodalskåpa til venstre, Stolshyrna i midten og Skåla til høgre.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Eidshornet

Frå fjelltur 11. august 2012. Bilde 1: Ser ned til indre del av Geirangerfjorden på turen opp. Bilde 2: Ser ned på midtre del av fjorden på tur ned att. Ein fin dag med mykje sol, og rolege vindtilhøve til fjells.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Søre Snarhornet

 

Tur opp Fladalen til Søre Snarhornet. Vått i marka og noko skodde kring fjella, særleg dei høgaste. Elles nesten overskya. Sørleg lett bris på fjelltoppen. Bilde 1 viser Søre Snarhornet med Fladalsvatnet under i framgrunnen, Midttuvdalen til høgre og Søre Sætretinden gøymd i skodda til venstre. Bilde 2 er frå toppen og viser Ramoen/Jønshornet som stikk delvis fram frå skodda. Bilde 3 viser Romedalstinden og Storkopptindane eit stykke borte. Nærare ligg Lissjehornet til venstre og Nøre Snarhornet til høgre. Bilde 4 er også frå toppen, med nedste enden av Fladalen under, og litt av Hjørundfjorden. Geithornet midt i bildet. Sylvkallen/Storhornet til høgre. Bilde 5 er frå Midttuvdalen og Longenestinden/Breitinden ruvar opp i skodda. Bilde 6 gir eit tilbakesyn på Søre Snarhornet sett nede frå kanten av Fladalen opp for Store Standal.

 

 

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Høgsvora

 

Bilde 1: Ser mot Romsdalsfjorden som her er gøymd under skoddeskyer. Lengre borte ligg fjella nordaust om Molde. Bilde 2: Zoomar nordaustover. Langt borte ligg m.a. Klauva, Kyrkjetaket, Kjøvskardtinden, Sjøvdøla, Juratinden, Vikesoksa, Hoemstinden?, Slotthøan og lengst til høgre Vengetindan. Bilde 3: Ser mot Storfjorden og fjell i Sykkylven frå Råna og utover. Bilde 4: Zoomar Blåskjerdingen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Augustmorgon på Høgsvora

Hadde ein fin morgontur på Høgsvora. Vått i marka. Oppå bles det lett bris frå søraust og litt kjølig. Bilde 1: Ser utover Storfjorden. Langt ute ligg Melshornet med Hareid til høgre og Liavågen til venstre. Noko skodde begge stader. Bilde 2: Ser mot Lauparen, Storbotnshornet og Fremste og Heimste Skorkja. Lengre sør tjuknar det til med skodde på fjelltoppane. (Det skya over ut på dagen med litt regn i fjella). Bilde 3: Ser utover mot Brustinden, Ytstetinden og Sprovstinden. Jutevatnet til høgre. Bilde 4: Komen eit stykke ned på sørryggen byrjar det å verte varmare. Ser tilbake mot toppen, og mot Næremstindane til høgre.

 

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Ned frå Sandegga

Ei tjørn ved vasskiljet mellom Grytalia/Vaksvika på eine sida og Dyrkorn på andre sida. Denne tjørna renn mot Vaksvika. Ser mot Kvitnykja, Lauparlægda, Lauparen og Grytavasstinden. Turen ned hit frå Sandegga gjekk i greit terreng, først bratt ned mot Lissjebotn og så slakt utover hit.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På toppen av Sandegga

 

Bilde 1 mot Heimste Skorkja/Sandfjellet. Utsikta vestover gøymt i skoddelag lågare nede. Bilde 2 mot Lauparen til høgre i bildet. Brudefølgjet til høgre for L. og Lauparlægda og Kvitnykja til venstre. Lengre til venstre nokre fjell ute i nord; Brustinden, Ytstetinden, Sprovstinden og Næremstindane. Bilde 3 sørvestover mot fjella i Sykkylven og dels i Stranda. Sandfjellet/Heimste Skorkja nærast. Bilde 4 mot Storbotnshornet. Fint vêr på Sandegga denne dagen. Sol og lett bris frå søraust. Målte temperaturen (grovt anslag) til +15 grader.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget