
Ser mot Lauparlægda, også kalla Sunnmørslauparen. Ein bit av Storfjorden i bakgrunnen.

Ser mot Lauparlægda, også kalla Sunnmørslauparen. Ein bit av Storfjorden i bakgrunnen.

Ser mot Tresfjorden og Romsdalsfjorden. Laber eller lett bris frå sør på toppen. Denne vinden gjer at haugskyene etter kvart vert vekke.

Komen opp i skaret sør for fjellet. Lite snø i fjellsida i år. Ruta til topps går om lag midt i bildet.

Har kome eit stykke ned frå toppen, og ser mot Ørskogvika. Ein kjølig nordaustleg vind til fjells, og turt i marka. Oppe på toppen bles det frisk bris på utsette kantar av fjellet.

Ein del skodde i dag, men turt i terrenget til fjells. Medan skodda ligg på motsett side av fjellet der vinden kjem frå er her periodevis sikt mot Geitnibba og Storfjorden.

Flott syn ned på Nysætervatnet og hovudvegen. Ute til venstre ligg beiteområdet med fellesfjøs og kyr. Frostadtinden er det mest dominerande fjellet midt i bildet, med Mælen bakom til høgre.

Fin solskinsførmiddag med nordaust lett bris oppå fjellet. Zoomar sørvestover. Fjella i himmelsjå i det fjerne er m. a. Blåbretindane, Trollkyrkja, Tungremtindane, Synnavindsnipa, Kolåstinden, Hundatinden, Ramoen/Jønshornet, Skophornet, Ramtinden, Trongegga og Klovetinden.

Fekk ein fin tur på Geitnibba kvelden 25. mai medan finvêret varte. Lett bris eller svak vind frå nordaust oppe på toppen. Her motiv frå turen nedatt. Ser utover Vestrefjellet/Sætrefjellet. Dagen etter hadde skoddeskyene lagt seg kring fjella.

Romedalstinden til venstre, Kolåstinden til høgre.