
Flau vind frå søraust og mildt i lufta. Skaresnø etter natta. Nede i austskråninga har snøen byrja å blautne til nedatturen.

Flau vind frå søraust og mildt i lufta. Skaresnø etter natta. Nede i austskråninga har snøen byrja å blautne til nedatturen.

Det vårast i høgda. Lite vind og mildt. Ser Kvitnykja mellom furuene.

Bris frå sør og stigande temperatur. Rennefok høgare oppe.

Komen opp på øvste fjellryggen og ser tilbake mot Ørskogbygda. Det har regna i snart ein time her. Liten eller stiv kuling frå sørvest på øvste ryggen, mildt i lufta. Turen opp og ned att går meir skjerma for vinden.

Gjekk til fots på berr og til dels frosa mark, og på hard snø, opp på Snaufjellet. Søraust lett bris på toppen. Komen litt nedover her på bildet.

Ser bort på Skarbøbotnen og Snaufjellet. Mildt i lufta. Bris frå sør, opp mot Vestrefjellet frisk bris eller liten kuling på dei utsette fjellryggane.

To cm nysnø har kome. Vêret letnar for ei stund. Ser mot Trongegga.

Søre Vartdal med Bergehornet til venstre. For det meste opplett denne dagen. Spreidde snøfjon og nokre ubetydelige haglkorn var alt.

Sør lett bris, turt og frosa mark, og uvanleg lite snø. Ser nordover mot Sula, Hildrehesten, Urfjellet og Storfjellet, Blåskjerdingen og Melen.

Romedalstinden og Kolåstinden. Var på Hesteryggen. Bris frå sør, tilskyande og turt i vêret. Noko snø å vade i oppe i høgda.