Ved Sollisætra

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mildvêret har avløyst kulden. Sørvest bris og varmegrader. Laussnøen er tung å trakke i. Ei lysning i skydekket i sør. Heimste Skorkja litt til venstre. Bolleberget nærare og litt til høgre.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Skarbøbotnen i januar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Litt blått vart det i dag også. Og her nede er det lunare enn oppe på fjellryggane. Ser mot Koldafjellet beint fram i bildet. Myrane er frosne. Gamlesnøen er hard. Ein del is i terrenget.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Koldafjellet i januar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lett bris frå sør-sørvest og -7 grader. Turt nok til å gå oppover ryggen utan å møte for mykje skaresnø. Ser mot Brustinden og Ytstetinden til høgre. Litt av Svartløkvatnet synleg til venstre. Blåskjerdingen heilt til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarkulde på Geitnibba II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser mot Snaufjellet. Blåskjerdingen til høgre i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarkulde på Geitnibba I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser mot Høgsvora. Temperaturen er -13, og vinden lett bris eller svak vind frå sør. Eit tynt lag pulversnø oppå lyng, berg eller skare. Is i terrenget, til dels vanskeleg å sjå, gjorde turen litt krevjande lengre nede.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestom Barstadskaret II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

7. januar: Ser mot Middagshornet, med Romedalstinden til høgre, og Ramoen stikkande opp til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestom Barstadskaret I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

3. januar 2016: Ser mot Trongegga til venstre, Lissjedalen i midten og Grøthornet til høgre for denne. Klovetinden sovidt synleg bakafor. Flau vind frå aust eller nordaust, og rimeleg god vintertemperatur. Kom bort i solskinet litt nærare Trongegga. Isete i terrenget, hard skaresnø andre stader, og eit tynt lag nysnø i høgda. Men blankisen var synleg og ikkje gøymd under pulversnø.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestrefjellet i romjula

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen opp på Vestrefjellet etter å ha trakka i snø som ikkje er djup. Etter fjellryggane var det lite snø, og i skråningane elles var det ti til tjue cm å trakke i. Her oppe er vinden sør-søraust sterk kuling eller liten storm, og +5 grader. Kjennest kaldt då, men det går an å finne ly i nærleiken. Ser beint imot vinden. Heimste Skorkja litt til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Åsryggen ved Gausneset II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen litt nedom toppen. Her er det lunt sjølv om sørausten bles godt nede på fjorden. Ser inn etter Storfjorden med Dyrkorn midt i bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Åsryggen ved Gausneset

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen utom toppen av åsen. Ser utover Storfjorden med Røneset til venstre og Glomset lengre ute til høgre. Langt ute og midt i mot ligg Melshornet på Hareid.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget