
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
17. april 2016: Inne i dalen i Nordre Vartdal.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
17. april 2016: Inne i dalen i Nordre Vartdal.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
17. april 2016: Oppe på Lissjesandfjellet. Vartdalsfjorden og litt av bygda Vartdal. Bergehornet til venstre, litt dekt av skodde. Vindstilt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
10. april 2016: Har klarna opp no om kvelden, etter ein skya ettermiddag. Laber bris frå aust eller nordaust her oppå. Ser mot Grytavasstinden, Storbotnshornet, Fremste og Heimste Skorkja. Godt skiføre og god glid ned att.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Lite is att på vatnet, og ein del ender symjande utpå. Dei andre vatna i nærleiken er enno isdekte. Ser Blåskjerdingen beint i bakgrunnen, og noko av Frostadtinden til høgre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
10. april: Strålande klart og lett bris frå søraust eller aust. Snøen enno nokså fast på vegen oppover. Ser ned på Sjøholt og Ørskogvika med Liafjellet til høgre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
9. april: Komen eit stykke opp for Vestresætra. I starten var skiføret ikkje særleg godt, men betre etter kvart, og herifrå og oppover var det flott føre med pulversnø oppå eit fast lag med eldre snø. Vindstilt her, lengre oppe maksimalt lett bris frå sør. Ser ned mot Storfjorden ved Vestre. Søvika og Røneset på andre sida. Det kvite fjellet midt i øvre bildedel er Sandvikhornet. Det mørke litt til høgre er åsryggen ved Gausneset.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
28. mars: Ser opp i Kvitnykja. Bris frå sør og noko sol denne førmiddagen. Skaresnø oppover til hit, i lågare lende litt blautare snø. God gli nedatt, litt vanskeleg å styre. Gjekk forbi Grytalia og rundt Blåfjellet på sørsida på denne turen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Zoomar Heimste Skorkja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
27. mars: Regnet har gått forbi, og i vest har det sprukke opp. Ser vestover mot Storfjorden og Vaksvikbygda. Byrja merke vinden her, men med høg lufttemperatur gjekk det godt an å halde fram til oppe på høgda bakom Skurfjellet. Der bles det frisk bris eller liten kuling frå sør. Skiføret sånn nokonlunde.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
25. mars 2016: Etter ein grå og våt morgon vart det lettare med delvis skya og perioder med sol langfredags ettermiddag. Inne på Vaksvikfjellet. Ser Fremste og Heimste Skorkja i bakgrunnen.