
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ser bort på Nysetervatnet midt i bildet. Brustinden og Ytstetinden mot høgre. Ser litt av Svartløkvatnet til venstre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ser bort på Nysetervatnet midt i bildet. Brustinden og Ytstetinden mot høgre. Ser litt av Svartløkvatnet til venstre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
21. mai 2016: Komen til topps. Sør lett eller laber bris, men fint å site i solskinet i ly for vinden. Ser ned mot Ørskogvika og utover Storfjorden til venstre, med Liafjellet til høgre for desse. Over midten av bildet ligg Skodje, med Godøya og Sukkertoppen ragande opp langt ute.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Eit lite stykke nede i vestsida. Ser inn etter fjorden med Skotet på andre sida.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
16. mai 2016: Komen opp på høgda aust for toppen. Ser ned på Vaksvikbygda, med Halvardsvatnet litt til venstre. Kjølig med frost og skaresnø. Bleikt solskin og berre ein flau vind.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Eit nærbilete av våren i låglandet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
15. mai 2016: Har snøa litt i natt også. Ein svak vestleg vind og spreidde byer, men vêret er i betring. Ser mot sørvest, med ein bit av fjorden utafor Sjøholt synleg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Litt sol mellom byene. Komen opp i austsida av Svartløkfjellet. Nyseternakken midt i bildet. E39 går rett hitom denne. Kjølig i vêret, men gauken gol borte i lia til høgre nettopp.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
14. mai 2016: Vestavêr og nysnø, men rolege vindtilhøve og langt mellom byene no på ettermiddagen. Fekk ei sluddbye på veg mot toppen. Komen tilbake til austenden av toppryggen her. Fekk ein solglytt og ser mot øvre delen av Solnørdalen. Akslevollvatnet midt i bildet (litt opp til venstre).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
11. mai 2016: Komen opp den bratte lia frå Stordalen og ser inn etter fjorden. Stordalsholmen midt i bildet. Siste solskinsdagen i denne perioden, med ein lett bris frå aust eller nordaust.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
8. mai 2016: Vårstemning. Då her enno var litt is på vatnet var det mykje ender utpå, men no har fuglane spreidd seg til andre vatn som har vorte isfrie. Blåskjerdingen i bakgrunnen med snø på.