
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ser bortover mot Heivatna. Fjella bak er Storbotnshornet, Fremste og Heimste Skorkja, og Memorgoshornet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ser bortover mot Heivatna. Fjella bak er Storbotnshornet, Fremste og Heimste Skorkja, og Memorgoshornet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Zoomar fjella ute ved kysten. Gamlemsveten og Hildrehesten til venstre. Skodde på desse fjella, elles klart i alle retningar denne dagen. Urdfjellet og Storfjellet til høgre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ser mot Storfjorden. Vaksvika til høgre. Litt til venstre er ein bit av fjorden ved Dyrkorn synleg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Grytavatnet enno isdekt, men til dels grønt i liene omkring.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Gjekk ned vestryggen. Hammaren til høgre gir litt klyving. Ser tilbake på Lauparlægda. Turen opp gjekk langs venstre kanten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ser ned mot Tresfjorden og Romsdalsfjorden. Kvitnykja til venstre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
I denne retninga er det fjell, ur og snø som stikk opp og dominerer bildet. Ser bort på søre toppen av Lauparlægda med Grytavasstinden bakom og Storbotnshornet til høgre. Overøystolen til venstre ikkje langt borte. Seljebotnstinden litt til høgre på få mils avstand. Og så kan ein sjå Pyttegga, Illstigfjellet, Trollkyrkja, Muldalsegga, Naushornet, Storfjellet, Torvløysa i det fjerne.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
5. juni 2016: Utsyn frå kanten av topplatået. Ser mot Storfjorden. Svak vind og lunt her oppe, bris i lågare lende.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ikkje langt att til toppen av Lauparlægda no. Hittil har det vore godt terreng, resten er bratt ur opp til topplatået. Ser gjennom dette skaret bort på Lauparen og litt av Brudefølgjet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Eit godt stykke oppom Eirsdalsreset. Fjellpryd veks på turre vindutsette rabbar, men ikkje i alle fjell.