Til Steingardstinden II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen ned att i Kvanndalen, rett sør for høgaste overgangen til Ørskogfjellet. Steingardstinden tek seg herifrå ut som ei fjellskulder litt til venstre mot himmelsjå, og toppen på Høgsvora som ein liten kul litt til høgre for midten av fjellryggen i himmelsjå. Det har tjukna til eit lett regnvêr.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Steingardstinden I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

24. september 2016: Oppe på Steingardstinden. Vinden er minst liten kuling, frå ei retning litt vest om rett sør, og gjer det hustrigt å vere her. I motsett lei regnar det lett, men vinden held steinane turre heile tida. Ser mot nordaust, den retninga der vêret enno er opplett. Høgsvora til høgre, og Lauparen til venstre for denne og lengre borte. Elles var det litt lunare straks eg gjekk ned i fjellsida att.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kveldstur på Geitenibba

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein triveleg kveld. Lufta er mild, og vinden lett eller laber bris frå sør. Ser utover Storfjorden med Snaufjellet i silhuett til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba XIII

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Går mot kvelden. Komne ned på Eidsheia att. Herfrå teiknar Indreeidshornet ein spiss mot himmelen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba XII

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ei fin flate farga i gult av musøyrevieren. Typisk for stader der snøen ligg rimeleg lenge. Oaldsvatnet og Skorene midt i bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba XI

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nokre fjelltjøreblomar står enno i blomstring.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba X

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nær toppen. Dverggråurten set frø denne tida.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba IX

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På toppen. Ser utover mot Smogehornet og Grøtet. Høg temperatur i lufta, og ein lett eller laber bris frå sør-søraust. Vinden var sterkare, frisk bris, i skaret mellom Oaldsvatnet og Oaldsbygda.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba VIII

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Øvste delen av Tretindanibba er eit langt skråande platå. Ser sørover mot Geitfjellet i disen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba VII

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser ned på fjorden med Åkneset på hi sida.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget