Ned frå Vestrefjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Gjekk førmiddagstur til Vestrefjellet. Frisk bris frå nordaust og +2 grader der oppe. Då var det kaldt sjølv om sola skein. Her eit stykke nedover komen er det straks noko lunare. Ser mot Storfjorden. Gausnestoppen litt til venstre, Liafjellet litt over midten av bildet, og Ørskogvika i mellom. Søvika heilt til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Kleivaneset

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit bilde frå låglandet. Ser utover Storfjorden med Amdam og Gausnestoppen til høgre. Søvika til venstre bortom fjorden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kort skitur

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Innpå Vaksvikfjellet. Korte glimt av sol, og langt mellom byene på ettermiddagen 23. april.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Over Vestrefjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen bort i nordsida av Geitenibba. Fire kuldegrader og ein flau vind frå søraust. Fint solskin med klar himmel i aust og meir skya ut mot kysten. Ser ned mot Skarbøbotnen og Storfjorden.  Flott skiføre her oppe, snøen bar godt. Lengre nede strevsamt føre, ujamn snø, og vanskeleg å styre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vårdag på Grønnykjen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Trakka i noko snø for å kome hit opp. Nesten vindstilt. Strålande sol og kald luft med eit austleg drag.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Visetfjellet II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fann to utspretne kusymrer nede i lia mot gamlevegen innafor Viset. Her er den eine.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Visetfjellet

KOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen opp på høgda og ser ut og ned på Storfjorden med Søvika i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp på Nyseternakken

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen litt ned frå toppen av Nyseternakken. Ser ut mot Nysetervatnet og Svartløken lengre ute. Skodde på toppen av Nyseternakken, og laber bris frå vest-sørvest her oppover ryggen på vestsida.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Første tur til Hallvardsfjellet denne våren

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Enno eit stykke att til toppen. Ser inn etter Storfjorden med Skotet på andre sida. Lengre opp mot toppen var det litt skoddedottar og nokre små regndropar, med lett bris frå vest-nordvest. Litt nysnø å gå over, stort sett berrt og telefritt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Seint i mars

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Står her på 270 m.o.h. og ser bort i Årskogfjellet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget