
Lavvegetasjon.

Ser austover med Ramoen og Romedalstinden i bakgrunnen.

Ser tilbake mot Fossholtinden med varden til venstre. Til høgre i bildet ligg Nordre Vartdal, Hjørneset og Breisundet.

Utsyn vestover, med Vartdal og Vartdalsfjorden litt til høgre, og Rovdefjorden lengre borte og til venstre. Runde skil seg ut litt til høgre og ut mot havet.

Ser utover mot havet, med Godøya midt i bildet. I dag bles det lett bris frå sør-søraust, og temperaturen var rimeleg høg.

Zoomar mot fjellparti sør for Nordfjord, med Gjegnen, Bukkenibba og Ålfotbreen. Noko nærare ligg fjella vest for Bjørkedalen, med Trollvasstinden litt til venstre for midten av bildet.

Fjellmarikåpa er ein annan vanleg plante på fjelltoppane lokalt.

Bregna hestespreng er ein vanleg plante på fjelltoppane her omkring.

Ser ned til Vassdalsvatnet, med Vassdalstinden og Tryhorna (Saudehornet) omkring.