
10. desember: Går i preparert løype ute i terrenget. Ser mot Høgsvora og Næremstindan.

28. november 2022: Mildt i lufta med svak vind frå sør-søraust. Myra mest frosa og fast å gå på litt is i terrenget. Lite is på ope vatn. Såg ein orrhane i dag, elles lite fugl.

Rada av fjell i bakgrunnen er m. a. Trolltinden, Svartvasstinden, Storknubben, Øspetinden, Sandfjellet og Storbua. Kvitnykja nærare heilt til høgre.

20. november: Snur her oppe. Svak eller flau vind frå aust-søraust. Fjellryggen er stort sett turr. Her og der litt is. Ser vestover. Til høgre stikk Snaufjellet opp. Geitnibba ligg nærare med ei mørk side til høgre. Langt ute til høgre ligg Storfjellet og Urdfjellet.

På tur oppover. Komen opp om skogen som var fri for is. Her oppe i graset vert det etter kvart mykje is å passe stega sine for. – Høgsvora stikk fram lengst bak til venstre i bildet.

Zoomar mot fjella i nordaust. Frå venstre har ein Hoemstinden, dernest Blåfjellet, så Storknubben og til slutt Øspetinden. Lengre borte stikk fjellpartiet nord for Trolltinden fram litt til venstre.