Category Archives: Vêr

Snøbyer

Heile dagen snøbyer, vest-nordvest bris, overskya eller skya. No i kveld to kuldegrader. Enno ikkje ti centimeter snø nede ved sjøen. Kanskje femten centimeter litt høgare oppe.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ruskevêr

Fire varmegrader, vind frå vest-nordvest, for det meste bris, men kuling når ei ny bye kjem med hagl og regn. Nedbør heile dagen, men mellom byene kjem det berre nokre dropar. Overskya heile tida, ganske mørkt under byene, lysare mellom. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Haglbyer

To varmegrader, vestavind med hagl- og snøbyer, for det meste bris. Skya eller overskya, iblant skimt av blå himmel og den typiske forma på toppen av byeskyer. Berr mark, men kvitt på vegar.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget