Category Archives: Vêr

Opplett

To varmegrader, frost i snødekket, som er isete og turt. Skya, berre skyer over fjelltoppane. Aukande vind, laber bris frå søraust no i ettermddag, svak vind før middag. Om føremiddagen dreiv dei låge skyene frå sørvest medan fjørskyene dreiv frå … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nysnø

Regn frå seint i går, dette gjekk over til snø i natt. Snøvêret heldt fram ut over morgonen. Sidan har det vore skya og opplett. Ei varmegrad.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Slørskyer

Ei varmegrad, skaresnø, slørskyer og fjørskyer som dekker det meste av himmelen, flau vind, turt, god sikt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Delvis skya

Null grader no i kveld, stilt og lettskya. Morgonen var delvis skya, midt på dagen kom ei snøbye, i låglandet våt snø som ikkje la seg. Stort sett stilt og for det meste opplett i dag.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett

Tre varmegrader, svak vind, for det meste overskya, regn av og til.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Fem varmegrader, sørvest liten kuling, regn.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Tre varmegrader, perioder med regn, overskya, svak vind frå sørvest. Snøen har sekke i hop, trea står mørke og utan snø. I går var det fire varmegrader om kvelden, og det var det i dag tidleg også. Det bles liten kuling … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snøvêr att

No midt på dagen har det på nytt byrja å snø. Snøen dett rett ned, kanskje er det flau vind. Ei og ei halv kuldegrad. I natt var det ned til ni kuldegrader, truleg på det kaldaste seint i går. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde

Åtte og ei halv kuldegrad i kveld. Stjernklart. Det ligg minst ein halv meter snø på marka. Svak vind frå aust. Vêret roa seg natt til i går. I går om morgonen var det delvis skya opplett. Dagen vart fin. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordvest

No har vinden frå vest og nordvest vart lenge nok til at det er luft heilt frå Arktis som kjem inn over landet. Denne er naturleg nok kald, men ferda over hav mildnar lufta nedanfrå, og tilfører fukt samstundes. Vinden … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget