Category Archives: Vêr

Snøsmelting

Elva har vokse noko, både av regn og snøsmelting. +7 grader. Sørvest frisk bris, svak vind før i dag. Overskya, også overskya før middag. Etter middag kortvarig skya. Spreidt regn i dag. Lufttrykket har stige sidan i går. Stort sett … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldfront?

+5 1/2 grad i kveld. Lette regnbyer. Regn i fleire timar etter middag. Sørvest frisk bris i fjorden då, skyene kom frå vest-sørvest. Før det sprakk skydekket opp ganske kortvarig, men 7/8 av himmelen var skydekt då. Såg at der … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+7 grader, sørvest laber bris, regnbyer av og til, overskya eller skya. Tre fjerdepartar av markane enno snødekte. Regnet starta i natt, om morgonen var det eit lett regn, sidan har det vore perioder med opplett.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lagskyer

Månen står høgt i sør og er tre kvart lysande. Og tydeleg å skya gjennom eit skydekke som ser ut til å vere konturlaust. Ikkje nokon ring rundt månen. Dette er lagskyer, eit mellomstadium i framrykkinga av ein varmfront. Vinden bles … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Omlegging

Tre kuldegrader og for det meste opplett i dag. Skya eller delvis skya. Ei kortvarig snøbye i dag, fleire byer i natt. Litt over ti cm snø på marka. Godt sparkføre. Svak nordavind.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordvest

Flau vind. Litt meir i snøbyene som kjem spreidt. Snøen som fell er våt og heng ikkje på trea. Der er det berre vassdropar. Ei eller to varmegrader.Overskya eller skya. Skyene kjem frå nordvest i dag.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Skya over i dag, framleis stort sett opplett i kveld. Det bles synnavind tidleg i kveld, "liten kuling i kasta". Då var det to varmegrader. Skydraget var frå sørvest.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

Sju kuldegrader og lettskya i dag. Over land er det heilt klart, til havs er det skya, truleg til dels byeskyer. Svak vind, typisk frålandsvind ("skjelle") slik det er i kaldt vintervêr. I går var det ei varmegrad. Det brukar å … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Slaps

Eit tynt snørim i graset. +3 grader og opplett.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byevêr

+2 grader. Spreidde regnbyer i dag, og for det meste overskya. Bris. Det meste av regnbyene har kome nærare kysten.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget