Category Archives: Vêr

Kjøligare

+5 grader i dag. Sørleg frisk bris. Lettskya. God sikt. Rein luft. Det tyder på at temperaturfallet har vore større i lufta over fjelltoppane enn temperaturfallet på tre grader nede ved fjorden. Her er nokre haugskyer eller bukleskyer. Desse driv … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Synnavinden held fram i dag også. Stiv kuling. Dette er ikkje middelvind. Den er svakare. Vinden er ujamn, og det er vindkasta ein legg mest merke til. I dag er det +8 grader. Vinden verkar avkjølande, men den avkjølande verknaden … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+8 grader, sør liten kuling, skya. Berre mellomhøge og høge skyer. Turt i marka, tøya opp til 100-250 moh. Det har blese synnavind sidan i går, liten kuling eller frisk bris.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

+5 1/2 grad, sørleg laber bris, skya, stort sett opplett. Berrt på markane.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

Klart om morgonen, sidan lettskya ut over havet, framleis klart inn over land. Seks kuldegrader, søraust svak vind, den vanlege skjella i kaldt vintervêr. På fjelltoppane har det blese i dag, sørleg frisk bris, kanskje liten kuling, etter rennefoket å døme.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaust

I kveld lettskya, for ein stor del stjerneklart, fire kuldegrader. I dag var det skya eller delvis skya, nordaustleg drag i skyene. Snøbyer til om morgonen. Mindre enn fem cm snø i låglandet. Svak vind eller mindre i dag og … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya

Regnbyer i dag, skya, tettare skydekke inne i fjella. Ut mot kysten har det vore til dels delvis skya mellom byene. Snøen kjem etter kvart nedover. Rennefok på fjella.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

Nysnø ned om 700 moh. i dag. Minner meir om haust enn om vinter. Regnbyer, overskya, sørvest laber bris.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Flaum

+8 grader, overskya, sørvestleg liten kuling, regnbyer. Det byrja å regne seint i går. Elvane er store, slik dei er nokre få gongar i året. Ein kombinasjon av regn og snøsmelting denne gongen. Skydekket er høgt. I sjøen er floa … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Måneskin

Skya eller delvis skya i kveld. Eit lag med haugskyer som er utstrekte og minner litt om bukleskyer. De driv frå sørvest. Heilt klar himmel oppom desse. Temperaturen har vore rundt sju varmegrader i dag.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget